Førstkommande onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset igjen. Eldremiddagen serverer som vanlig god heimlaga middag med tilbehør. Etterpå blir det ei hyggestund med song og anna underholdning, og ikkje minst kaffe og noko godt å bite i.
Les heile sakaKrus og utmerkelsar i fleng
Søndag ettermiddag arrangerte trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa felles basar i Ungdomshuset. Her var det full fres og basarstemning av god gammel dimensjon. Det var mange fine premiar som skulle utloddast, og i tillegg var det tradisjonelt pilkast der både gammel og ung knivast om høge plasseringar.
Les heile sakaKjem du på cupfinale?
Søndag 24. november er det cupfinale og toppoppgjør mellom Molde FK og Rosenborg BK. Fotballgruppa i Todalen I.L. har rigga til storskjerm i Todalen ungdomshus for å vise cupfinalen på direkten. Det blir opne dører frå kl 12 og utover til sendinga er ferdig. Det blir sjølvsagt open kios med salg av kaffe, pølser, brus og snacks. Stor tippekonkurranse med premiering. Gratis inngang!
Les heile sakaHistorielaget: Årsskrift og utstilling
Neste laurdag har Todalen historielag premiere for sitt nye årsskrift. Det skjer i Todalen ungdomshus på ettermiddagen, og da blir det også utstillinga av gamle flyfoto i Ungdomshuset som eit av underhaldningsinnslaga og samtaleemna denne dagen. Historielaget minner derfor på om at folk må finne fram gamle flyfoto som kan stillast ut denne dagen.
Les heile sakaI dag: Basar i Ungdomshuset
Søndag er det ski og friidrettsgruppa i lag med trimgruppa sin tur til å arrangere basar i Todalen ungdomshus. Trimgrupa deler ut premier i forbindelse med de ulike trimbøkene, mens Ski- og friidrettsgruppa deler ut deltakerpremier fra sesongens lagseriestemne, samt ski- og idrettsmerker. Ellers blir det tradisjonelt basarbord, pilkast, lykkehjul og kanskje luftgeværskyting for den […]
Les heile sakaUtforkjøring i går kveld
I følge politiloggen var det ei utforkjøring i Todalen seint i går kveld, der føraren vart sendt til Orkdal sjukehus med lettare skade. Det er mistanke om promillekjøring. Vi kjenner ikkje fleire detaljar i saka.
Normal straumforsyning i Todalen, unnateke Todalsøra
Etter vel ein halvtimes straumbrot ser det atter ut til å være normal straumforsyning i store deler av Todalen. Todalsøra er framleis utan straum, på grunn av vindfall over linja. Svorka er på staden for å utbetre linja, og reknar med at feilen skal være retta ganske snart. Straumbrotet skjedde i 21.30-tida laurdag kveld.
Les heile sakaStraumbrot i Todalen
Ved 21.30 tida vart det straumbrot i Todalen. Det er ukjent kva som er årsak, om det er lokal eller om det er over eit større omrråde. Vi kjem att så snart vi veit meir om straumbrotet.
Les heile sakaBispevisitas i Todalen
Neste veke er det bispevisitas i Stangvik og Surnadal. Programmet for visitasen ommfattar heile veka frå søndag til torsdag, og blir avslutta med visitasgudsteneste i Øye kyrkje neste søndag. Bispevisitasen startar med viitasgudsteneste i Stangvik kyrkje før turen går til Todalen
Les heile sakaJula kryp innpå oss ….
Julehandelen nærmar seg med stormskritt. Julemarsipanen har vore på plass i butikkane lenge, og no er det nok mange som alt har julegåvene på plass. Julemessa i Rindal er overstått, og det er sikkert messe ein eller anna plass i helga, og neste helg er det på Nordvik og siste helga i november er det […]
Les heile sakaBokkveld for liten og stor
I går kveld arrangerte FAU og Todalen bibliotek eigen bokkveld, der det naturlegvis var ope for lån av bøker, men også ei høveleg anledning til å bli kjent med biblioteket og kva det har å by på. Karen Johanne Talgø dreiv for fullt å organiserte bortimot hundre nye bøker som denne dagen hadde komme frå biblioteket i Surnadal.
Les heile sakaHaugabu var svaret
Klarte du å løyse gåta for dagens bilete i går? Her får du iallefall svaret.
Les heile saka