Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøp lodd – støtt Sanitetsbasaren!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2014

Søndag arrangerer Todalen sanitetsforening basar i Sanitetshuset på Kvennset. Det skjer frå kl 14.00, med trekkjing 17.00  Den siste veka har det vore førehandssal av lodd på Matkroken, og dei rapporterer om godt loddsal så langt. Denne helga blir det også førehandsal både fredag og laurdag, og dei lokkar med mykje fine gevinstar.

– Kan berre nemne ulike strikkaplagg, dittgavekort.no, trearbeide, stort fastelavnsfat, koppesett, fredrikke kopp og valgfri forestilling i Storstuå på Surnadal Kulturhus. På basardagen blir det eige barnebord og dagens bord, samt gratis servering til alle som tek turen til Sanitetshuset, fortel May-Elisabeth Holten, som satt på Matkroken da vi var innom fredag føremiddag.

Publisert: 24. oktober 2014, 12:00