Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit valg for livet, som redder andre…

Elinor Bolme Fredag 24. oktober 2014

Laurdag formiddag vil Ingvild Kårvatn og Fay Johansen ha stand for organdonasjon på Matkroken frå klokka 10 og utover. Her vil dei orientere om det valget ein kan gjera om å bli organdonor, og faktisk redda fleire liv om ein sjølv skulle felle frå brått og uventa.

-Det er nært og vondt når nokon døyr, og det er nært når nokon er så sjuke at dei treng eit nytt organ for å leva. Ein kan føle temaet på ulike vis, og det er viktig å ha respekt for, seier Ingvild. Men eg velger å tenkje og seia at eg vil «resirkulerast» viss noko plutseleg skulle skje. Så difor veit eg at kunnskap om organdonasjon gjev tryggleik til å ta eit val. Det aller viktigaste er at du snakka med dine nærmaste om ditt standpunkt.

Derfor ønsker dei alle todalingar og andre interesserte hjerteleg velkomne bortom standen for ein prat, tikaffe og minikonsert med Svein Håvard Saksen og Inge Bævre i tillegg.

Les om ei som tok dette viktige valget då mor hennar plutseleg vart sjuk og døydde: Et valg for livet 

For enda meir informasjon kan vi også anbefala www.organdonasjon.no

Vi har alle potensielt syv organer å donere bort: Hjertet. Lungene. Leveren. Bukspyttkjertelen. Og de to nyrene, der ventelistene i Norge er lange. Én donor kan i beste fall redde syv liv, men det skjer sjelden. I gjennomsnitt brukes fire organer fra hver donor.

Publisert: 24. oktober 2014, 06:00