Etter ei finvershelg med staseleg feiring og skikkeleg sommartemperatur, viser langtidsvarselet at sommaren er i full gang. Vi er lova dagtemperaturar opp mot 20-talet, og det er det nok mange som har venta på. Det er nok mange som har venta med å plante ut sommarblomtrane, med tanke på faren for frostnetter.
Les heile saka
Barne og ungdomsfotballen rullar for fullt. I dag blir det spela to kampar, ein på Bordholmen og ein på Bankslettå. På Bordholmen møter G12 Søya/Todalen eit av laga fra Surnadal kl 18. På Bankslettå er det J14 Kvass/Ulvungen/Søya /Todalen som også skal i kamp mot eit Surnadalslag, dei med kampstart kl 19.
Les heile saka
Dametrimmen har no avslutta innetreninga for sesongen, men har sletts ikkje slutta med trimmen for det!
Torsdag 22.mai blir det tur til Storhaugen, med avgang fra Todalshytta 18.30.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer til kulturvandring søndag 25. mai. Denne gongen er det Jonhagan, Trøinn og nedover langs Toåa på nordsia som står på programmet. Det er start frå Ungdomshuset kl 12. Etterpå er det samling i Ungdomshuset igjen, og her vil det bli lysbilde og historier om plassane som vi har vandra forbi. Her blir det […]
Les heile saka
I anledning 200-årsjubileet for grunnloven hadde kommunen invitert alle skolekretsene til å delta i et felles tog på Skei. Det viste seg at det bare var Stangvik skole som ville delta i dette toget, og deltakerne fra Nordvik var de med skolebarn ved Stangvik skole. Etterpå kom de til Nordvik og sluttet seg til resten. Som vanlig startet toget fra Oppistua kl 1400, med avslutning ved forsamlingshuset.
Les heile saka
Vêrgudane vart meir og meir samarbeidsvillige utover dagen, og når folketoget starta frå Todalen oppvekstsenter var det både solgløtt og bra lufttemperatur og stemninga var god. Neste stopp var Todalen kyrkje, der sokneprest Bernt Venås helt gudsteneste for ei velfylt kyrkje. Etter gudstenesta var det kranspålegging ved bautaen, der Karin Helen Halle og Martinus Torvik sørgja for å minnast dei som hadde delteke i kampar for fedrelandet i perioden frå 1814 til og med andre verdskrig.
Les heile saka
Etter at biltoget var ferdig som første post på programmet, var det klart for ein lang og god frukost på Bordholmen. TILs fotballgruppe hadde invitert sambygdingane til felles frukost, og jammen kan en seie at dei kom! Til saman 174 personar vart traktert med god og solid frukost. Russen som også deltok og var godt synleg i biltoget var invitert på gratis frukost, og det trur vi dei sette pris på.
Les heile saka
Presis kl 09.30 svinga biltoget ut på vegen frå Matkroken, og sette kursen mot Brusetmarka og Gammelfabrikken. I spissen for toget var einaste traktoren som deltok, og det har etter kvart vorte tradisjon med traktor i spissen og russen som følgjer på. Tilsaman var det 54 kjørty som deltok i biltoget, som har tradisjonar attende til 50-talet da det etter kvart begynte å kome nokre bilar igjen etter krigen.
Les heile saka
Grunnlovsfeiringa i Todalen startar med biltog frå Matkroken/HalsOil kl 9.30, og går oppover til Gammelfabrikken, der det blir ein kort pause før toget fortsett nedover bygda og endar opp på Bordholmen, der det er fellesfrukost for heile bygda, fortel Knut Bergli. Han er ledar for TILs fotballgruppe, som er arrangør av frukostarrangementet. Fredag kveld var frukoststaben i fullt arbeid med førebuingane og tilrigginga på Bordholmen. Og frukostkomiteen presiserer at frukosten blir på Bordholmen, i og med at vêret er i ferd med å lette.
Les heile saka
Den tradisjonelle maiblomsten er framleis i handelen. Sigrun Ørsal frå Todalen sanitetsforening satt i kundestraumen på Matkroken for å selge maiblomst; både store til bil og små til å ha på jakkeslaget. Og salget gikk strykande, fortalte ho. Skal du ha maiblost til biltoget eller folketoget så må du raska på før stengetid kl 18:00.
Les heile saka
200 årsjubilet blir markert på mange måter i morgon, mellom anna hører det gode kaker til. På Matkroken selges det små kaker i butikkhylla, medan det blir store firkanta kaker til kaffen under arrangementet i skulen. På morgonkvisten fredag var det prøvesmaking på Matkroken, og de første kundane var på mange måter eit smakspanel.
Les heile saka
Ski- og friidrettsgruppa startar opp med lagseriestevner på Bordholmen igjen førstkommande søndag kl 17. Dei tenkjer i år nytt med at dei flyttar arrangementet til søndag ettermiddag, pluss at dei satser også på litt ny aktivitet i tillegg til dei tradisjonelle friidrettsøvelsane. Blant anna vil dei ta i bruk buldrerommet, trøbilene, sykkel og terrenget rundt Bordholmen.
Les heile saka