Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok Vindøldalen i nærare augesyn

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. august 2014

Torsdag var det Vindøldalen som var turmålet for Stavganggruppa. Hytta til Randi og Vidar Sogge var base for ekspedisjonen, og med strålande haustvêr var det eit fint utgangpunkt for å ta ein times rundtur i området, før gruppa samlast på hytta igjen til felles kaffepause og sosial prat.

På turen fortalte Sven Ranes om fjella i kring, og korleis det vart veg til Vindøldalen. Den kom i samband med utbygginga av Trollheim kraftverk, og grunneigarane godtok ikkje berre ein pengesum, men ville ha veg til dalen. Og det fekk dei, både opp dei bratte liene og innover dalen. det var nok eit fornuftig krav som kjem både grunneigarane og allmennheita til gode.

Nedafor finn du nokre bilder frå turen til Vindøldalen.  Fotograf denne gongen var Per Bruset.

Publisert: 30. august 2014, 07:00