Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen er i gang – 117 på tur over fjellet!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. august 2014

Dei første deltakarane er forlengst på veg over fjellet frå Todalen til Ålvundeid som deltakarar i Trollheimsmarsjen 2014. Med sol frå blå himmel og rundt 15 varmegrader blir det nok ein kjemfin tur over fjellet til Leikvoll stadion på Ålvundeid.  I 9.30-tida var det 70-80 deltakarar som hadde stukket til fjells, men det er høve til å starte fram til kl 11.00 frå Bordholmen stadion i Todalen.

DSC_6103

Sekretariatet på startstaden på Bordholmen hadde rigga seg til ute i finvêret. Frå venstre Karin Halle, Steinar Frøystad og Knut Bergli.

Ruta for Trollheimsmarsjen går frå Bordholmen og etter merka løype opp lia til Ørsalsetra og vidare over fjellet til Vardan. Ned mot Ålvundeid går ruta ned Børsetlia, og til målgang på Leikvoll Stadion på Ålvundeid.  Todalen.no vil kome med bilder frå turen over fjellet og frå målgangen på Ålvundeid i løpet av kvelden.

DSC_6118

Første busslasten med deltakarar frå ålvundeid kom til Bordholmen og er snart kalre til start. foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. august 2014, 10:04