Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dr. Bekken: Legg opp til utekonsert på Todalshytta søndag kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. august 2014

Folk bestiller billetter, og bestillingane kjem både frå fjern og nær, fortel Eric Malling på Todalshytta. Dei opnar dørene kl 18, med ertesuppe og vafler på menyen. Konsertstarten blir kl 19.00. Har du ikkje bestillt bilett, så er det lurt å svinge seg rundt og ringe tlf 48099478 (Eric).

Godt å være i gang, seier Helene Ness og Eric Malling som er nytt vertskap på Todalshytta. Frå neste veke blir det full fart.

Konserten blir ei verdig avslutning på sommarseongen, seier Helene og Eric på todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Konserten med Dr. Bekken blir ei verdig avslutning på ein lærerik sesong, fortel Eric malling vidare. Samtidig er det eit signal om at vi neste sesong ønskjer å tilby noko nytt, dersom det folk vil ha det.  han ønskjer i allfall alle velkomne til konsert på bakkan framfor Todalshytta. Og værgudane lovar å spele på lag, for yr.no byr på sol og sommarvarme utover dagen og kvelden.

 

Publisert: 30. august 2014, 09:13