Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det tinar i fjella rundt oss

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. august 2014

Etter ein fantastisk fin sommar finnes det ikkje lenge noko spor etter snø frå siste vinter. I tillegg til at vinteres var snøfattig, har det nok tina mykje gammesnø og blåis i snøfonnene og dei flekkane som er att av blåis, slik som i Kjerringa. «Porkå» er praktisk talt smelta bort, med berre ein liten flekk med blåis att. Blir det fleire dagar med varme utover neste veke er no den lille flekken med blåis borte.

"Porkå" er på det næraste bortsmelta. Nokre dagar til med mildvêr vil nok ta den siste blåisflekken.  foto: Jon Olav Ørsal

«Porkå» er på det næraste bortsmelta. Nokre dagar til med mildvêr vil nok ta den siste blåisflekken. foto: Jon Olav Ørsal

Eldre folk vi har snakka med kan ikkje hugse at det har vore så lite snø og is att i fjella nokon gong, og vi har ikkje kome over gamle bileder med så lite snø. Heller tvert om, at det er mykje meir snø i fjella på gamle bilder enn det vi opplever i desse dager.

Biletet på framsida er teke frå terrassen til Solveig og Bjørn på Hjellnes, og vi kan ikkje sjå ein einaste snøflekk i Todalsfjella. Muligens kan vi sjå litt snø i Skarfjellet i Innerdalsfjella, men det er vanskeleg å sjå med lysvinkelen på biletet. Bileta frå Kjerringa og frå Rambjøra er tekne frå terrrassent til Ingri og Kristian i Bekkerhagen under kombinert 10-kaffe og fotosession laurdag føremiddag. Her ser vi på detaljbileta at det er veldig lite igjen av blåisen, både i ytter- og inner Kjerringa.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå dagens fotofangst.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. august 2014, 18:48