Tysdag kveld innbyr TILs trimgruppe til fellestur til Haukarsteinen. Det er oppmøte og start frå Heggøyann kl 18. Turen går opp Romålia til Haukarsteinen, og vidare innover til Berga der det er fint å gå over Romåa, og forsetter utover til Trongen og nedatt Sæterlia til Høgbakkan og utover Røskattvegen og over Romåbrua til Heggøyann.
Les heile saka
Fine forhold på IL Søya sin stadion i dag, der det har vore spela to kampar i 14 årsklassen. KvassUlvungen/Søya/Todalen J14 fikk først besøk av Sunndal til 9’er kamp på Søyabanen. Her leda heimmelaget fortjent 2-0 etter 1. omgang og gikk opp til 3-0 etter sidebytte.
Les heile saka
Den siste veka har Skihytta vore utleid til ei gruppe tyskarar som ved fleire høve har feriert i Todalen og som likar seg godt i todalsnaturen. På turen til skihytta, og mellom anna Vassnebbvatnet, har Terje Nordvik vore guide og kjentmann for dem. Han har sendt oss eit par bilder og skriv i e-posten: «Her er gjengen fra Tyskland som nå har bodd en uke på Todalsøra brygge de siste 4 årene. Tidligere har denne kompisgjengen reist verden rundt på opplevelsesturer. Kan nemne m.a. bjørnesafari i Canada, laksefiske i elvene i Alaska.
Les heile saka
Campinglivet på Bordholmen er allerede i gang. Dei første overnattingsgjestane har allerede funne seg til rette på campingarealet ved klubbhuset. Det er banemannskapet på Bordholmen som er ansvarlege for drifta på campingen. Turistane har her tilgang til toalett og dusj.
Les heile saka
Tysdag 27. mai kl. 9.00 startar turen frå Kulturhuset på Skei, med Olav Jostein Holten som turleiar og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør. I fint vårvêr og 20 varmegrader ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10, ein halv time tidlegare enn planlagt. I Arasvika stig guiden Knut Bårdset om bord.
Les heile saka
Tidlege matvanar, allerede frå barnet er i mors liv påverkar oss som barn og unge. Dette har det ved Universitetet i Agder vorte forska på i dei seinare år. To av desse forskarane, Sissel Helland og Nina Cecilie Øverby, kjem tirsdag 3. juni til Surnadal for å halde sitt foredrag «Positive og negative trekk i barns kosthold – hva betyr det og hva kan vi gjøre?»
Les heile saka
Tysdag hadde vi ti-kaffe på oppvekstsenteret. Elevane ba inn besteforeldre, naboar og vener og vart veldig glade for alle som kom. Dei hadde førebudd seg godt, og baka kanelbollar og skuffkake – og i dag var det bakelssteiking frå tidleg om morgonen.
Les heile saka
Dette er hovedmålet til Norsk Vandrefestival. Ein festival som har vore arrangert sidan 2010, på ulike plassar på Nordmøre. Den aller første gongen på Kårvatn. I år har styret valgt å arbeide med strategisk planlegging og utvikling av festivalen i et langsiktig perspektiv. Dette gjelder innhold, organisering, økonomi, profil/ design og lignande. Det vil derfor ikkje bli ein gjennomført festival i samme skala som før, men festivalkomiteen tilbyr likevel eit mindre program med sine heilt klare godbitar.
Les heile saka
Todalen Oppvekstsenter med skule og barnehage inviterer i morgon besteforeldre og vener til 10-kaffe frå kl 11-12.30. Her blir det song og servering av kaffe og mat til dei frammøtte. Elevane på skulen vil også vise fram klasseromma sine og noko av det dei arbeider med.
Todalen Historielag inviterte i går til kulturvandring frå Ungdomshuset, ned attmed der Øyadammen ein gong var, det gamle meieriet og saga/løa i Øya, forbi der kiosken hass Eide sto (brann i 1933), gjennom Jonhagen, forbi Håkkøyann og nedover til Skjoramelen.
Les heile saka
Sidan 1995 har Vårsøghelga vore arrangert i Surnadal, og i alle desse åra med kunstnerisk leiar Henning Sommerro i spissen. I omgrepet Vårsøg blir det lagt eit driv etter å sanse og skape, og elles mykje av det positive som kan assosierast med våren som årstid. Som våren kvart år gjev nytt liv frå gamle vekster, ønskjer Laget Vårsøg at Vårsøghelga skal vere både nyskapande og tradisjonsberande.
Les heile saka
Konserten i Stangvik kyrkje tysdag kveld byr på korsong, orgelmusikk og allsong frå vår nye salmebok. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organistane Daniel Bjørlo og Oddveig H. Halle er hovudaktørar, fortel Bernt Bøe til Todalen.no.
Les heile saka