Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På fjorddag til Bøfjorden med Framnæs

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. august 2014

Søndag 17.august arrangerte Bøfjorden Historielag på nytt «Fjorddag». Temaet for dagen var «I fjordabåtens kjølvann». Arrangementet var eit samarbeid mellom sundbåtentusiastar og historielaget. Så sundbåten «Framnæs» tok turen frå Kristiansund innover fjordane til Bøfjorden. Det var stor interesse for turen, 50 passasjerar var om bord da båten la til kai på Bølandet.

Svanoy og Framnaes ved Halsa 1708 2014 Terje Holm

Svanøy og Framnæss ved Halsa Foto: Terje Holm

«Framnæs» går til vanleg i rute mellom «landa» i Kristiansund, men blir også brukt i chartertrafikk. Dette er ein ny båt som vart bygd ved Klevset mekaniske verksted i 2011 – 12. Båten er ein rekonstruksjon av «Framnæs 3» og er ei passasjerferje. «Framnæs 3» vart bygd ved Moss Verft i 1908, og båten gjekk i rute i Frognerkilen i Kristiania frå 1908 til 1917 da han vart seld til Kristiansund. Der vart han ein del av flåten i «Verdens eldste kollektive transportselskap i kontinuerlig drift»! Passasjerferja gjekk i rute som sundbåt på Kristiansund hamn fram til 1951.

Mange sakna «den staselige dampfergen som gled mellom landene». I 2003 vart det så bestemt å bygge ei ny ferje. Teikningane til båten vart funne på Sjøfartsmuseet på Bygdøy, og nybåten har mange originale utstyrsdetaljar frå den opprinnelege «Framnæs». Til og med lyden i fløyta er original! Båten har også eit komplett dampanlegg, med den originale dampmaskinen, som kan brukast til demonstrasjon!

Brørne Trond og Terje Myrhaug tok initiativet til den nye «Framnæs». Det er mange som har støtta prosjektet økonomisk, og ei stifting eig i dag båten. Frå Bølandet gjekk «Framnæs» innover til Åsskard. Vi segla gjennom  «Bøbrua» – brua over sundet mellom Settem og Bølandet. Denne brua fyller 50 år denne sommaren, før den tid gjekk all trafikk i båt mellom Bøkandet og Bøfjorden. Brua vart øydelagd av orkanen i 1992, men ei ny bru vart bygd opp att same året. Heving og senking av brua blir i dag styrt av ein sentral i Trondheim! Triveleg og fin båttur innover til Åsskard kyrkje, og kaffe og bakels kunne kjøpast om bord.

Det var mykje folk på Sjøbruksmuseet da Bøfjord historielag arrangerte fjorddag.  Foto: Dordi Jorunn Halle

Det var mykje folk på Sjøbruksmuseet da Bøfjord historielag arrangerte fjorddag. Foto: Dordi Jorunn Halle

Etter båtturen var det samling i Bøfjorden Sjøbruksmuseum der Bernt Bøe heldt eit interessant lysbiletekåseri med overskrifta: «Fjordabåtane – Hundre år med dampen». Første dampbåten var «Nordmør» som starta i rute mellom Krisitiansund, Sunndal og Surnadal i 1857. Siste dampbåten var «Kvernes», trafikken med dampbåt vart avslutta i 1959. Fjorddagen i Bøfjorden var svært vellukka og interessant!

Bildegalleri frå fjorddagen i Bøfjorden.  Alle bilde: Dordi Jorunn Halle

 

Publisert: 18. august 2014, 19:54