1. pinsedag var heile Indre Nordmøre samla til felles gudsteneste i Stangvik kyrkje. I gudstenesta deltok Stangviks eigen sokneprest Bernt Venås, saman med soknepresten i Rindal Lene Gåsvatn og soknepresten i Halsa, Torbjørn Brøske. Under gudstenesta deltok også songkoret Tordenskjold med dirigent Elin Persson og Stangvik kyrkjes jentekor. 3 born vart døypte under gudstenesta.
Les heile saka
Jordskokk og jordskokksuppe hører ikkje med i menyen på eige kjøkken, og var nok litt skeptisk heilt til vi fikk ei innføring i mysteriet hos Anita Land i Bondehuset. Anita Land jobbar hos Bioforsk på Tingvoll, og 1. pinsedag hadde ho bruka til å koke jorsdskokksuppe til 100 personar på kjøkkenet i Bondehuset, for salg til publikum frå pinsegudstenesta og Vårsøgkonserten. Er nok litt nysgjerring av natur, og takka ja til ein smaksprøve etter at Anita hadde orientert litt om kva jordskokk er, og korleis det har vore bruka i gamal tid.
Les heile saka
Det store spørsmålet er sjølvsagt om den er gått av, og høna delt i to? Ein kjapp fotorunde i morgontimane avslørte at den «heng i ein tynn tråd» enno, men det skal ikkje mykje til før den er er ferdig for i år. Det er tidleg, men om det er rekordtidleg veit ikkje vi. I eit normalår skjer nok dette rundt St. Hans-tida, men det varierer sjølvsagt frå år til år med både snømengde, vêrtilhøve og ikkje minst temperatur.
Les heile saka
Tysdag 3.juni arrangerte StikkUT! og Surnadal kommune tur til Svorka og Bjorvollen. Ordføraren var tursjef, og det var i alt om lag 50 ivrige turvandrarar i det nydelege veret. Vi starta ved Svorkbrua i Bøverdalen og gjekk etter fin skogsveg innover mot Svorka og Bjorvollen, godt og vel 3 km.
Les heile saka
Eldremiddagen i Todalen avslutta vårsesongen med middag i Sanitetshuset sist fredag. Kokkane, Karen Johanne og Grete, serverte særleg velsmakande lammelår og grønsaker, med karamellpudding til dessert. Tilsaman var det 29 gjestar til bord denne dagen.
Les heile saka
Det nye vertskapet på Todalshytta, Helene Ness og Eric Malling, er så smått komne i gang med drifta på Todalshytta. Dei har no vært her ei vekes tid, og har alt hatt besøk av dei første gruppene til servering, og dei første vandrarane har også vore innom hytta. Eric fortel at det har vore interessante og lærerike dagar, med ein høg læringskurve. Laurdag ettermiddag skjer årets første «happeningen» på hytta, da skal dei hjelp av gode venner skal etablere microbyggeri på Todalshytta.
Les heile saka
Talgø vart i går kåra som vinnar av Svanens merkebrukerpris 2013. Talgø var som ein av 4 kvartalsvinnere nominert til den gjeve prisen ”Svanens merkebrukerpris 2013, forbrukermarked” for sine Svanemerkede MDF veggplater. På dagens Svanekonferanse i Oslo vart det klart at det var Talgø som gikk heilt til topps, skriv Talgø i ei rykande fersk pressemelding. Dette i konkurranse med store aktører som Coop, Neutral, og ikkje minst RBI Interiør/Smartpanel, som er ein konkurrent på veggplater.
Les heile saka
Torsdag 5. juni møttest Stavganggruppa ved brannstasjonen på Syltørane. Saman med Hans Christian Hårstad gjorde Jon Nordvik ein framifrå jobb som vegvisar og guide på heile turen, og vi vart mektig imponerte over å høyra om alt som går føre seg i dette industriområdet.
Les heile saka
Etter mange gode treningsøkter i gymsalen i vinter var det sesongavslutning for dametrimmen torsdag kveld med tur opp Romålia. Farten opp lia var god, så det er tydeleg at trimkveldane har gjort godt!
Les heile saka
I kveld var det full fres på Banksletta på Kvanne, nær sagt som vanleg, der 6 J10 lag var samla for ei miniturnering. Søya/Todalen, Kvass/Ulvungen, Sunndal og Grøa stilte med kvar sitt lag, medan Surnadal stilte med to. Alle lag spela 5 kampar i strekk på 3 ulike banar både på kunstgras- og grasbanen i fin kveldssol og god «før-torever-varme».
Les heile saka
Som teksten i Vømmøl Spellmannslag sin populære song er det viktig å lære seg nemlig dette. Derfor må dei fleste unge fotballspelarane på Søya/Todalen vere med å bidra til turkassa når det er overnattingstur i sikte. Dette vart intet unntak for gutane på G12 laget som allerede neste helg tek turen til Malmefjorden på Romsdalscup.
Les heile saka
Denne bloggaren er jaggu ute i siste liten for å kunne delta på vår bli-kjent-runde blant utflytta todalingar. I løpet av sommaren tek han med seg kone og to små barn og flyttar heimatt til barndomsbygda. Vi kan ikkje seie anna enn HURRA!
Les heile saka