Frå Halsanaustan er det mesta unntaksvis at du ikkje ser hjort når du har trafikkert over Halsafjorden. Tok ein tur laurdag kveld, både for å kunne sjå og kanskje fange inn nokre bilder som vi kunne dele med lesarane. Med slike antal er det nok stor slitasje på innmarka som nok er sårbar når telen akkurat er gått, og før røtene får feste grepet og grasvoksteren tek til for alvor.
Les heile saka
”Vindøldalen – Nordmøres vakreste fjelldal?” var headingen på invitasjonen, når Kristiansund og Nordmøre turistforening inviterte til ope informasjonsmøte i Sagatun onsdag kveld. Etter å ha sett den flotte lysbildeserien til Håvard Johansen, og hørt Nils Røv kåsere om ”Dal’n”, må vi langt på veg være enige i KNTs påstand.
Les heile saka
Tysdag ventar vi storinnrykk på Byggmakker, fortel butikksjef Ivar Helge Kvendset. Da arrangeres nemleg «Guttas kveld, og da er det sjølvsagt «gutteting» som står på programmet. Vi kan berre nemne demonstrasjon av bilar, der det nok er den «elektriske» Tesla som har fått mest fokus, men vi får også sjå Mitsubishi Outlander som hybridbil og sågar Renault Capture. På programmet elles er det verktøy, vinduer og sjølvsagt underhaldning. Odd Arne Halaas frå Storlygartrio’n vil lede oss gjennom kvelden.
Les heile saka
“Ut på tur med Skjærpeplogen” er ein film Eistein Bæverfjord har laga. Onsdag 9.april kl. 19.00 er det framsyning av filmen i Skulstuå. Filmen har gått sin «seiergang» rundt om kring på Nordmøre, og no får du altså høve til å sjå filmen i Skulstua komande onsdag.
Les heile saka
Ved Svinviks arboret er det ledig fast stilling som kafèvert med driftsansvar for publikumsmottak og kafè. Stillinga er ei fast sesongarbeidarstilling og er på 100% i perioden 15.04-15.08 kvart år. Surnadal kommune skriv på si heimeside at verten må trivast med høgt arbeidstempo og ha gode kommunikasjonsevner. Kafèdrifta er ein viktig del av sesongdrifta i Svinviks arboret, og er eit tett samarbeid med Nordmøre museum, avd. Surnadal, som har overordna driftsansvar for Svinviks arboret.
Les heile saka
Søndag ettermiddag inviterer todalen historielag til «Ettermiddagskaffe» i Todalen Ungdomshus. Det skjer frå kl 14, og utover ettemiddagen, og er både eit sosialt treffpunkt og ein temadag som tradisjonelt samlar mykje folk. Temaet denne dagen er Todalsfurua, og vi har vore så heldig å få ein av dei fremste ekspertane på «gammeltåiller» til å kome til todalen denne dagen, seier leiar i historielaget John Moe, nemle Jon Bojer Godal.
Les heile saka
6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar, unge og vaksne frå Surnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard og Rindal alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid. I Todalen kjem konfirmantane rund bygda tysdag fra klokka 17.00 og utover.
– Når ein katastrofe rammar, jobbar Kirkens Nødhjelp for å gje flest mogleg ein sjanse til å overleve. Men, behovet for naudhjelp og vern er stort i lang tid framover. Det ser vi både i flyktningeleirane på grensa til Syria og i gjenoppbygginga på Filippinene.
Les heile saka
17.mai er det også i Surnadal kommune planlagt storslått 200-årsjubileum for den norske grunnloven. I den anledning har Surnadal-ordfører Mons Otnes tidlegare sendt ut forespørsel til kretsene om muligheit for å få til ei felles 17. mai-feiring på Skei, og håpa at kretsane stilte seg udelt positive til det. Dette var årets aprilspøk på Drivas nettside – Driva.no. gikk du «fem på», eller?
Les heile saka
Er du for ivrig med «gassfoten» kan det for bli dyrt for deg. No er den første fotoboksen på plass i Surnadal, og den vil nok halde eit auge med trafikkantane både på veg utover og innover mot Todalen….
Vi regner med at de fleste avslørte at dette var vår troskyldedige aprilspøk? Nærare 2000 stakk iallfall innom Todalen.no den 1. april!
Les heile saka
I vinter har det vore bra utlån ved bibliotekfilialen i Todalen oppvekstsenter. Karen Johanne Talgø fortel at det er jamt god etterspørsel etter alle typar bøker, men ventar no litt ekstra etterspørsel etter krim som lesestoff til påske.
Les heile saka
På Todalshytta er det stor aktivitet i helga. Ein habil dugnadsgjeng er i full jobb med å rydde unna litt skog frå hytta, slik at det blir både bedre utsikt og innsikt. Fleire motorsager har gått i heile dag, og etter kvart vil ein nok Todalshytta «dukke fram» frå skogen. Det er også premiere for nytt vertskap i år…
Les heile saka
På vegkanten like ved Brusetbrua var det eit nytt tilbud til vegfarande laurdag ettermiddag. Silje og Karoline hadde rigga seg til med vaffelsalg i vegkanten. Nystekte vafler er populært, og da vi kom var det helt på tampen vaffelrøra. Vaffelrøra hadde dei laga sjølv, og så var det servering med syltetøy.
Les heile saka