Søndag er det ny Fjorddag i Bøfjorden. Og «I fjordabåtens kjølvann» kjem sundbåten Framnæs frå Kristiansund via Halsa til Bøfjorden – der sjøen og museet er arenaer for yrande liv av det ramsalte slaget.
Les heile saka
Søndag er det ny Fjorddag i Bøfjorden. Og «I fjordabåtens kjølvann» kjem sundbåten Framnæs frå Kristiansund via Halsa til Bøfjorden – der sjøen og museet er arenaer for yrande liv av det ramsalte slaget.
Les heile sakaDet er fleire som har etterlyst kantslått på kommunale vegar denne sommaren. Ein slik frodig sommar som vi har hatt i år fører til ekstra mykje vegetasjon rundt vegkantane og det tek etter kvart til å bli trafikkfarleg på enkelte plassar. Det er kanskje bra at det er liten trafikkmengde og folk held låg fart ettersom sikta ikkje er så bra.
Les heile sakaNytt skilt er er kome på plass i Todalskrysset ved Hauahyllå, med informasjon om at dette ein av innfallsportane til Trollheimen – og til Svinviks arboret. Dette er eit av resultata av prosjektet «Opplev Trollheimen» og du finn liknande skilting ved andre knutepunkt som leiar inn til Trollheimen.
Les heile sakaNo er vi i verkeleg i siget på bloggfronten etter at vi fekk kasta ansvarsområdet over på Mari Redalen. Denne gongen får vi eit innlegg frå Ola Svinvik, født og oppvokse i Svinvika.
Les heile sakaI går ettermiddag var det arrangert Eika cup ved Surnadal Golfpark på Kvanne. Her var 28 deltakarar delt inn i grupper på 4 som starta ved ulike utslagspunkt/hol. Eg var så heldig å få gå i lag med ekteparet Dagrun Stromberg og Reinhart Wichmann som skulle spele mot Allan Troelsen og Randi Moe Sæther. For det var lagkonkurranse det handla om denne kvelden. Beste lag, med minst poeng sammanlagt på to rundar på den strøkne 9-hulls golfbanen.
Les heile sakaFristen for å melde seg på årets Søyacup 2014 er no over, og arrangørklubben IL Søya melder no om 57 påmeldte lag. I skrivande stund skulle dei gjerne hatt to J12 lag til for å komme på maksimal kapasitet. Dei ventar i følge ilsøya.no på svar fra et par J12-lag i Romsdalen, samt eitt lag fra Trøndelag.
Les heile sakaMåndag hadde Toåa besøk av 5 forskarar fra NINA – Norsk Institutt for naturforskning. Dei har eit forsningsprosjekt som går på ledeevne for elektrisk straum i vatn, med variasjonar i forskjellige temperaturar, fortalte forskningsleiar Gunnbjørn Bremset. Dei brukar nemleg eletrisitet til å fange smolt og yngel, og i den samanheng er det viktig å vite kor mange ein går glipp av. Derfor er det viktig å forske på metodar og finne samanhengar i vasskvalitet, temperaturar osb.
Les heile sakaDet er no tre veker til eldremiddagen startar på igjen etter ein lang «sommarferie», og framleis har vi berre eit kokkelag som går på ny sesong. Karen Johanne Talgø og Grete Torvik tek på ny sesong, men det andre kokkelaget – Brit Nordvik og Jorunn Ness, takka for seg ved sesongslutt i vår, etter mange år ved grytene i Sanitetshuset. I sommar har Reidun Østvik og resten av styret i eldremiddag vore på utkik etter nye kokkar, uten å få napp frå nokon.
Les heile sakaVi har utruleg mange fine turmål i Todalen, utan at ein treng så alt for langt frå husnovene. Ein fin tur som er litt bratt, men absolutt verd å prøve seg på er trimposten oppe på Ansnessetra. Denne stigen startar på toppen ved Heggerneset, og er fin å gå etter, og er godt merka heile vegen.
Les heile sakaNeste måndag, den 18. august er det atter ein gong klart for ny skulestart i kommunen. Ved Todalen skule er det no vorte tilsett både ny rektorog ny lærar, og her er det tre nye førsteklassingar som spent skal møte opp til sin aller første skuledag saman med 17 andre. Einingsleiar Bjørn Einar Høivik, som har ansvaret for både Todalen og Stangvik oppvekstsenter har sendt oss ei lita oppsummering ved dei to oppvekstsentra skuleåret 2014/15.
Les heile sakaIris Finnøy, fast ferierande i Todalen sidan ho var lita, gjer det for tida svært godt innenfor sporten bueskyting for sin klubb Harøy IL. Ho er saman med 9 andre teke ut til EM i Tallin fra 15.-20. september, som einaste kvinne. Dette er hennar andre internasjonale mesterskap. Ho deltok i fjor under VM i Italia og endte der på ein fin 5. plass.
Les heile sakaDet var eit allsidig og spennande konsertprogram som kraftfult vart framført onsdagskveld i Skulstuå av familien Kvendset. Minstemann Alfred på trekkspel, opna konserten med “Gøy på landet” og Hallvard og Bodil song vakkert “Amacing Grace”. Det var eit musikalsk spenn frå gospel, folketonar til reilender, polka og masj. Familine som ferierer på Ljosheim oppi Rabbgrenda bur i Vannvikan.
Les heile saka