Frå Jon Bruset har vi fått melding om at han har registrert tropenatt på Småhjellan i natt, men men knappast muleg margin på 20,1 grader. Det er andre gongen sia han starta dei daglege målingane i 1990. Max. temperaturen i løpet av natta var 24,2.
Les heile saka
Medan gradstokken langt på veg til 30-talet arrangerte Norsk vandrefestival vandring til Romådalen, der proffesor og biolog sørga for det faglege innhaldet og Tryve Halle var med som kjentmann i dalen. Denne turen stod på programmet vor fjorårets vandrefestival, men måtte da avlysast på grunn av raset uti Stranda. Turen vart difor utsett til i år, og den samla rundt 25 deltakarar.
Les heile saka
Lita fjellhytte til sals i Åsan, mellom Tårnet og Brusetsetra. Åslia er bygd i 1964, og består av hytte på ca 20 m2 og eit lite uthus med utedo og vedlager. Hytta ligg sydvendt i terrenge, ca 50 m frå Raugåa, ca 1/2 times gange frå øverste parkeringsplassen i Øyalia.
Les heile saka
Siste kamp før ferien endte med seier for fotballguttene på a-laget til Søya/Todalen. Første målet av Kenneth Sæterbø på et kanonskudd fra 25 meter rett i vinkelen. Bøfjorden kom inn i kampen igjen etter scoring på en litt billig straffe, skriv Knut Bergli i en epost til Todalen.no
Les heile saka
Denne gjengen venta på avspark i kampen mellom Brasil og Colombia da vi stakk innom Todalshytta fredag kveld. Vi forstod at det var knytta stor spenning til denne kvartfinalekampen i VM-sluttspelet. Det var fyrt opp på peisestua og klargjort for fotballunderhaldning og nærmare midnatt vart det nok før det vart avklaring.
Les heile saka
Det er nok mange som har teke med funksjonærdraktene som var bruka under Todalsdagen heim for å vaske dem. Todalen I.L. takkar for det, og melder at dei no kan leverast inn på butikken på Matkroken L. Hals, slik at dei er klare til bruk seinare. Draktene er ikkje til sals, melder laget.
Kasser for oppsamling av stamlaks er no på plass ved Toåa, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Dei siste par vekene har det pågått renovering av golvet i stamlakshuset, og derfor har det ikkje vore mottak av stamlaks. No er altså laksekara på plass igjen, og det er klart for å ta i mot stamlaks.
Les heile saka
Torsdag hadde rådmenn og kommunalsjefar fra tilsaman 11 nordmørskomunar ledarsamling i Todalen i forbindelse med innføring av nytt felles kvalitetssystem i regi av IKT-Orkidé.
Les heile saka
Det går fort å sette opp eit hyttebygg no for tida. Einar Talgø og familien byggjer hytte på Neslandet, og sist torsdag var dagen komen for at hytta skulle leverast og monterast på tomta. Hytta er eit elementbygg frå elementfabrikken til MøreTre, og med bilveg fram til tomta vart hytta levert på to lass med kranbil.
Les heile saka
Ble det tur til Fotball VM denne gangen også. Som de fleste vet er det sambafotballens hjemland Brasil som er vertsnasjon denne gangen. Vår destinasjon ble Natal som ligger ved kysten nordøst i landet. Den ligger litt sør for ekvator, og har forholdsvis mildt klima.. (25-27 grader i snitt året rundt ifølge Wikipedia). Det bor rundt 1 million i Natal, som sammen med 11 andre byer i Brasil er utvalgt som vertsbyer for kampene. I Natal er det 4 gruppespill kamper som spilles.
Les heile saka
Laurdag 5. juli set Norsk Vandrefestival opp tur til Romådalen på årets program. Eit program som i år er av litt meir beskjeden karakter enn tidlegare, men absolutt verd å få med seg for den turinteresserte. Turen blir ei vandring inn Romådalen til Indre Halasetra i selskap med friluftsmann, professor og biolog Nils Røv og lokale kjentmenn.
Les heile saka
Feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad er snart ferdig med runden rundt bygda med pipefeiing. Pipene blir feidd annakvart år, og da sørgejer dei for at sot og beksot blir fjerna for å redusere faren for pipebrann. I tillegg er ein del av arbeidet deira å drive forebyggende arbeid resten av tida.
Les heile saka