Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Større aktivitet ved Surnadal Bygdemuseum på Åsen?

Johs J. Vaag Onsdag 7. januar 2015

FrPs Johs J. Vaag tykkjer det er liten aktivitet på museumsfronten for tida. Det gjeld både Surnadal bygdemusem og museet til Indre Nordmøre Forsvarsforening, som ligg like ved i gammelskulen på Eidet. I ei tid når pengar er mangelvare, er det lett at det går ut over aktivitetane i museumsmiljøet som blir salderingspost i budsjetta. Vi er egentleg enig med Vaag i at det er synd at det flotte anlegget på åsen skal stå unytta, og i eit innlegg han har sent til Todalen.no skriv Vaag:

Det er ei kjend sak at aktiviteten ved Surnadal bygdemuseum i Surnadal har vore mindre dei siste åra samanlikna med kva situasjonen var for ein del år tilbake. Laget Åsens Venner har til dømes lagt ned verksemda si. Vi får håpe dei kjem i gang igjen. Indre Nordmøre forsvarsforening har framleis kvart år open dag ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Eg vil tru at det er brei semje om at aktiviteten ved bygdemuseet på Åsen burde ha vore større. Det fine anlegget på Åsen ligg der og bør i større grad nyttast på ein positiv måte.

Johs J. Vaag er kommunestyrerepresentant for FrP

Johs J. Vaag er kommunestyrerepresentant for FrP

Hausten 2014 stilte eg eit spørsmål om aktiviteten ved Surnadal bygdemuseum på Åsen under spørjekvarteret i eit kommunestyremøte i Surnadal. Eg fekk eit greitt og klårleggjande svar i frå ordføraren. Aktiviteten ved Svinvik arboret skulle prioriterast.

Mitt syn er at her må det kunne tenkast to tankar samstundes. Og det trur eg det blir gjort også. Men, så er det dette med å kome i gang da.

16. desember møtte eg på kort varsel som varamann for Palmer Vikan i formannskapet. I ei sak som gjekk på plan for drifta ved Surnadal bygdemuseum på Åsen fekk eg samrøystes gjennomslag for følgjande framlegg til tillegg til rådmannen si tilråding: ”Åsen bygdemuseum bør i sommarhalvåret, i den grad det økonomisk og ressursmessig elles let seg gjere, i større grad enn kva tilhøvet har vore dei seinare år nyttast av frivillige lag og organisasjonar til positive opplegg og aktivitetar av historisk og kulturell art med meir”.

Eg finn grunn til å gi Surnadal formannskap stor ros for at dei har den haldninga dei har i denne saka. Så får vi håpe på større aktivitet i og ved bygningane og rundt om på det fine tunet på Åsen i tida som kjem!

Johs. J. Vaag
Kommunestyrerepresentant FrP

 

Publisert: 7. januar 2015, 00:18