Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slettes ikkje i form…

Elinor Bolme Laurdag 12. juli 2014

Fleire har kanskje observert fisk ved Halsabrua som ikkje ser heilt «fast i fisken» ut den siste veka. På kveldens runde rundt bygda vart det tid for ein stopp på brua, og undertegnende fekk sjølv sjå den store ruggen med særdeles store skadar i hovudregionen. Laksen ligg forholdsvis roleg under brua, og har store åpne kjøttsår. I følge fiskarar som ferdast i Toåa, skuldast dette eit soppangrep.

Les heile saka

Berre røyken frå ruinane att

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juli 2014

Natt til onsdag var det storbrann på Halsanaustan, da den gamle skulebygninga ved Husmorskulen vart totalskadd i brann. Huset var fort overtent, og sjølv om brannvesenet kom fort til var det umuleg å berge den flotte bygninga. Brannvesenet i Halsa fikk etter kvart forsterkningar frå Surnadal, og med felles innsats klarte dei å berge det […]

Les heile saka

To ringar funne på Storhaugen

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juli 2014

Vi etterlyser eigaren av 2 ringer som er funne på Storhaugen. Er det dine, kan du berre ta kontakt med Dordi Jorunn Halle på Tussebu!


Strandhogg på prøve

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juli 2014

Torsdag morgon var Sea Cargo Express innom Industrikaia på besøk. Ærendet var å hente royalmaterialer frå Møretre som skal «ut i verda».  Vanlegvis blir slike sendingar frå Møretre skipa ut frå SeaCargoterminalen i Kristiansund, der båten har fast anløp på sitt rutenett mellom Aberdeen og som endar i Trondheim. Surnadal kommune har saman med Talgø/MøreTre […]

Les heile saka

Upåklagelege temperaturar både i lufta og i vatnet

Elinor Bolme Onsdag 9. juli 2014

Sommaren er over oss for fullt, og dei fleste i Todalen og i regionen elles har i dag registrert høge temperaturar på gradestokken. Ungar, ungdommar og andre badelystne i bygda har i løpet av dagen testa badetemperaturane. Både i elva og i sjøen er det meldt om gode temperaturar, litt over det som kan vere normalen etter som det er minimalt med snøsmelting i fjella. I området ved småbåthavna er det fine forhold for både store og små. Benkar er utsett for dei som ønsker å sette seg ned mens andre badar.

Les heile saka

Ordnar utsikt frå Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. juli 2014

I nærarer 30 graders varme var to mann med verneutstyr og motorsag i full gang med å opne for utsikt fra Todalshytta. Jan Bruset Nordvik var i full gang med lauvskogen i bakken framfor hytta. Lars Polden senior bruka lift for å kviste opp dei store furutrea som står på kanten framfor hytta. No blir det opna slik at ein får nyte den fine utsikten utover bygda igjen.

Les heile saka

Frå Bruset til Lambertseter

Elinor Bolme Onsdag 9. juli 2014

For snart 10 år sidan forlot ho Bruset til fordel til skulegang i Molde. No er ho godt etablert på Lambertseter i Oslo, og trivest godt med det. Denne gongens blogginnlegg kjem frå Anna Bruset.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Tysdag 8. juli 2014

Mange har nok teke sommarferie, men avstemningene på månadens bilete fortsett også i sommarferien. Denne gongen har vi kome fram til avstemninga for juni, og nedanfor er kadidatane vi har plukka ut for denne månaden.

Les heile saka

Betring i laksefisket….

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. juli 2014

Det ville være å overdrive å skrive at det er godt fiske om dqagen, men det er teke ein del sålaks og ørret dei siste dagane. Det er no liten vassføring i Toåa, rundt 4,2 m3/sek i dag, men det er gode tilhøve for fluefiske i elva. I natt tok Lars Arild Houmb (bildet) fra […]

Les heile saka

Tekniske problem – men normal drift fra 22-tiden

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juli 2014

Fjord1 meldte i 22-tida at det er normal drift igjen på Rute 46 Kvanne – Rykkjem etter at det hadde vært tekniske problem på ferjekaia på Rykkjem tidligere på dagen.


Sommarkonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juli 2014

Fredag 11. juli kl 19.30 er det sommarkonsert i kyrkja. Da kjem saxofonisten Vibeke Breian og organisten Johan Martin Røsand til Todalen kyrkje for å underhalde oss, og vi trur at dette er vel verdt å få med seg og vil bli ein fin start på sommar og ferietid. Og dem har litt av kvart å by på …..

Les heile saka

Stas med bæssmorbesøk…

Elinor Bolme Sundag 6. juli 2014

Ungdommane som tidlegare omtala er på tur frå Femunden til Stadt, har i helga oppheldt seg i Dovreområdet. Og da var ikkje mor Jorid og bestemor Marit seine om å ta seg ein tur for å treffe dei og gi frå seg litt ekstraproviant. Vi er så heldig å ha motteke eit lite reisebrev frå Marit Haugen.

Les heile saka