Ved midnatt opna laksefisket i Surna. Håpefulle fiskarar stod klare med fiskestonga, da startraketten gikk til himmels presis ved midnatt. Den første laksen lot vente på seg, og det var først ei stund utpå føremiddagen at det vart resultat. Det skjedde like ved Vindøla Camping, og den heldige laksefiskaren var Jostein Kvammen frå Romsdal. Vekta slo ut på heile 11 kg.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag køyrde torsdag 30. mai til Hamnes og gjekk derifrå innover langs Hamnesfjorden. Om lag halvparten nådde heilt opp på Hamnessetra.
Les heile saka
Norsk laksefestival har no sitt endelege program klart. Det er no den 15. festivalen i rekkja som arrangerast. Dei startar tradisjonelt opp med fagdag og fiksekveld for barn på torsdag, laksekonkurrans fredagskveld og konsertar både fredag og laurdag. Her kan nemnast namn som Staut, Johnny Logan og Swiks og Plumbo.
Les heile saka
I ettermiddag vart lamabestanden i Pestua auka frå to til tre. Midt under eit dobbelt gebursdagslag med huserande ungar i rundt seg vart lama Alexsandra mor til ein liten krabat på ekra attmed stuehusa.
Les heile saka
Kristi Himmelfartsdag arrangerte Stangvik Historielag busstur til Sagelva Vasskraftsenter og Oppdalsmuseet. I det flotte været var det 35 forventningsfulle entusiaster som entret bussen på Rykkjem, hvor kursen ble satt mot Eidsvåg, og videre over Vistdalsheia. Nils oppfordret sjåføren til å lette på gassen da vi passerte den sagnomsuste Nesset Prestegård, slik at alle fikk med seg det inntrykket. Første stopp var på Åndalsnes for benstrekk og litt påfyll av drikke og andre godbiter.
Les heile saka
Tysdag kveld innbyr TILs trimgruppe til fellestur til Haukarsteinen. Det er oppmøte og start frå Heggøyann kl 18. Turen går opp Romålia til Haukarsteinen, og vidare innover til Berga der det er fint å gå over Romåa, og forsetter utover til Trongen og nedatt Sæterlia til Høgbakkan og utover Røskattvegen og over Romåbrua til Heggøyann.
Les heile saka
Fine forhold på IL Søya sin stadion i dag, der det har vore spela to kampar i 14 årsklassen. KvassUlvungen/Søya/Todalen J14 fikk først besøk av Sunndal til 9’er kamp på Søyabanen. Her leda heimmelaget fortjent 2-0 etter 1. omgang og gikk opp til 3-0 etter sidebytte.
Les heile saka
Den siste veka har Skihytta vore utleid til ei gruppe tyskarar som ved fleire høve har feriert i Todalen og som likar seg godt i todalsnaturen. På turen til skihytta, og mellom anna Vassnebbvatnet, har Terje Nordvik vore guide og kjentmann for dem. Han har sendt oss eit par bilder og skriv i e-posten: «Her er gjengen fra Tyskland som nå har bodd en uke på Todalsøra brygge de siste 4 årene. Tidligere har denne kompisgjengen reist verden rundt på opplevelsesturer. Kan nemne m.a. bjørnesafari i Canada, laksefiske i elvene i Alaska.
Les heile saka
Campinglivet på Bordholmen er allerede i gang. Dei første overnattingsgjestane har allerede funne seg til rette på campingarealet ved klubbhuset. Det er banemannskapet på Bordholmen som er ansvarlege for drifta på campingen. Turistane har her tilgang til toalett og dusj.
Les heile saka
Tysdag 27. mai kl. 9.00 startar turen frå Kulturhuset på Skei, med Olav Jostein Holten som turleiar og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør. I fint vårvêr og 20 varmegrader ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10, ein halv time tidlegare enn planlagt. I Arasvika stig guiden Knut Bårdset om bord.
Les heile saka
Tidlege matvanar, allerede frå barnet er i mors liv påverkar oss som barn og unge. Dette har det ved Universitetet i Agder vorte forska på i dei seinare år. To av desse forskarane, Sissel Helland og Nina Cecilie Øverby, kjem tirsdag 3. juni til Surnadal for å halde sitt foredrag «Positive og negative trekk i barns kosthold – hva betyr det og hva kan vi gjøre?»
Les heile saka
Tysdag hadde vi ti-kaffe på oppvekstsenteret. Elevane ba inn besteforeldre, naboar og vener og vart veldig glade for alle som kom. Dei hadde førebudd seg godt, og baka kanelbollar og skuffkake – og i dag var det bakelssteiking frå tidleg om morgonen.
Les heile saka