Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sterke meininger om framtidig kommunestruktur i lesarbrev

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. februar 2015

Kommunesamanslåingar og regionstruktur er heite tema både i kaffekroken på Halsbua og andre plassar. Meiningane er kanskje like mange som det er debattantar, uten at ein kjem noko vesentleg vidare.  På Tidens Kravs nettside tk.no har det onsdag kveld dukka opp eit lesarinnlegg, der fleire store næringsaktørar på Nordmøre prøver å føre debatten inn på nye vegar. Dei vil samle heile Nordmøre til ein stor kommune, med Kristiansund som senter, og med Trondheim til regionhovudstad.

Mellom næringslivsaktørane frå Surnadal kommune som har signert lesarbrevet, finn vi Amfi-gründer Lars Løseth, Kjell Larsen frå Pipelife, Terje Talgø i Talgø Invest, Anders Grimsmo i Consto Surnadal, Stig Sæter i Gjensidige Surnadal, Runar Menøy i  Thon Hotell Vårsøg og fleire til.

Her kan du lese Tidens Kravs omtale av saka og lesarbrevet frå næringslivsaktørane på Nordmøre som står attafor lesarbrevet som har tittelen «Nordmører fremtid begynner nå».  Siste ord er nok ikkje sagt i denne saka!

 

Publisert: 4. februar 2015, 22:41