Lagseriesptemnet i dag er avlyst. Mesternes mester blir utsett til første lagseriestemne etter ferien, melder TIL.
Les heile saka
Lagseriesptemnet i dag er avlyst. Mesternes mester blir utsett til første lagseriestemne etter ferien, melder TIL.
Les heile sakaI natt blir laksen «fredlaus» i Toåa. I Toåa og fleire av dei små lakseelvane på Nordmøre er starten litt seinare enn i Surna og Driva, som starta alt 1. juni. Fisketida i Toåa har dei siste åra vore frå og med 15. juni, til om med 15. august. Dette gjeld både laksefisket og aurefisket, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Bruset er spent på korleis årets sesong blir etter det bedrøvelege resultatet for fjorårets sesong.
Les heile sakaBror og Sindre hadde laurdag formiddag plassert seg midt i kundestraumen utafor Matkroken L. Hals. Dei er i gang med salg av lodd i SuperLotteriet, der trekninga skjer under Todalsdagen 28. juni. Dei var tydeleg på at lodda kosta 20 kroner, og at du kunne få 5 lodd for ein hundrelapp.
Les heile sakaRBL Landbrukssenteret i Rindal har vakttelefon i sommer, og nå er siloslåtten i full gang! Vakttelefonen hos RBL Landbrukssenteret i Rindal er 48 31 96 12, det samme som den vanlige verkstedtelefonen. Åpningstid er til kl.21.00 på hverdager, og til kl.18.00 lørdag/søndag.
Les heile sakaEtter to knepne tap var det tid for a-laget til Søya-Todalen å vise at de også kan vinne fotballkamper. Fredag gjorde de som Nederland, knuste et godt fotballag 5-1. Mål av Gøran Stenberg, Ola Heggset (2), Erling Øye og Tony Seterbø. På en nyluftet bane vartet guttene opp med feiende flott angrepsspill og altså 5 mål.
Les heile sakaTorsdag 12. juni møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Gammelvegen opp Falla, med Bjørg og Per Bruset som vegvisarar. Snart kom vi inn på Dalavegen, og følgde denne til vi kom opp til Talgø gard, der vi snudde og sette snuten nedover att.
Les heile sakaDet er alltid ei triveleg samling når skule og barnehage inviterer foreldre, besteforeldre og andre interesserte til avslutning på nok eit skuleår. Årets var intet unntak, der ungane viste fram kva dei hadde øva på den siste tida. Barnehagen fekk plass tidleg i programmet med sine tre songar fremst frampå scenekanten. Etterpå gjekk det slag i slag med vitsar, dansenummer, sketsjar med og utan poeng men med dertil større innlevelse. Akkurat slik vi likar det.
Les heile sakaDenne veka har det kome på plass eit flunkande nytt buss-skur ved Todalskrysset. Ragnar Halle fortel at Vegvesenet hadde ledige midlar til slike tiltak, og på eit møte rundt påsketidar vart det lufta eit ønske om eit krypinn på busstoppen der. No er det alt på plass, og det vil nok mange reisende som ventar […]
Les heile sakaTidlegare omtala brannslukkeboks Prevento her på todalen.no, er no anbefalt frå fleire hald om å fjerne eit parti som har merkinga 281014 i botnen. Prevento var produsert i Tyskland og hadde hovudlageret i Kristiansand. Produsenten er visstnok ikkje å få tak i , medan grossisten i Kristiansand er konkurs, melder Solvor Lindseth Øyen, som tidlegare hadde denne for salg.
Les heile sakaOm få straksar er VM i Brasil i gang, og i fleire heimar går dette slettes ikkje upåakta hen. Hos Gunnar og Jacqueline Nordvik på Liatun er det no VM-stemning døgnet rundt. Som de ser av bilda er alle skjønnt enige i at det er berre eitt lag; Brasil!
Les heile sakaEit skuleår er over, og det er tid for å markere dette i gymsalen ved Todalen oppvekstsenter. Det skjer altså torsdag kveld og startar kl 18.00. Skuleborna byr på underhaldning, og i tillegg blir det både ein kaffeserveing og loddsal. Alle er velkomne!
Kom du ikkje inn på Todalen.no i dag tidleg, så har det si naturlege forklaring. Servertrøbbel var årsaka, men no er problema løyst og det er normal trafikk på nettet igjen.