Årests Stangvikfestival er komen i «startgropa», og vil som vanleg tjuvstarte i Todalen med framsyning av «STEMT» med marianne Meløy og med stangvikgardingen Trygve Brøske som tonefølgje. Det skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka torsdag 24. juli kl 18.00.
Les heile saka
No midt i ferietida høyrer litt agurkstoff med i spaltene. Denne gongen er det eit par solbriller som er funnet ved Haukåbrua. Sigrid Elise skriv i e-posten til oss: «Solbriller funnet midt i veien ved Haukåbrua. Kan hentes på L.Hals, der det for øvrig ligger et par til som er gjenglemt ved varebåndet.»
Nesten samtlege spelarar på Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen sitt G14 lag møtte i kveld opp til kveldens trening på Søyabanen. Og det var kanskje ikkje så rart, sidan Micke Dorsin kom i ens ærende ned frå hektiske omgivelser i RBK-leiren i dag for å lede gutane under kveldens fotballtrening. Avtalen var gjort på eit tidleg tidspunkt i sommar, og kvelden i kveld var einaste ledige som Dorsin hadde på det tidspunkt, sidan laget spela kamp heime mot Sogndal i går og dreg på onsdag til Irland for å spele UEFA Europa League kamp mot Sligo Rovers.
Les heile saka
Nå er det fine tilhøve dersom du likar å ta korte eller lange fjellturar. Søndag tok Jon Bruset turen til Tristeinan og Bjøråskaret, og han rapporterer det no er tørt å fint å gå i fjellet og fine tilhøve om du også vil ta med telt og sovepose for å overnatte i fjellet. Han oppfordrar også til å ta med moltespann…
Les heile saka
For juni kan vi gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete med «Slåttonn». Denne gongen var det regelrett knock-out, med meir enn halvparten av stemmene. Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!
Les heile saka
Det fine sommarvêret vi har hatt dei to siste dagane ser ut til å halde fram til over neste helg. I dag har temperaturen vore heilt opp mot trettitalet i skuggen, og på langtidsvarselt til YR.NO ser det ut til å bli fleire slike dagar utover veka.
Les heile saka
Frå Surnadal kommune er det kome kokepåbud for abonnentane i Bjøråa vassverk, Todalen: «På grunn av svikt i desinfeksjon blir det krevd kokepåbud fra og med no. Nytt varsel gis når det opphører. Med venlig hilsen, Surnadal kommune»
Da er leveransen av vatn i gang i gjen frå Bjøråa vassverk. Dei får ikkje retta feilen på renseanlegget før måndag, og difor sender dei no urensa vatn ut til abonnentane til vassverket. Difor blir abonnentane inntil vidare pålagt kokepåbud for vatn som skal brukast til drikke eller matlaging. Vi stakk innom styringssentralen i Brusetmarka, […]
Les heile saka
Befalsvakt Gunnar Bøe melder at vassleveransen frå Bjøråa vassverk er komen i gang igjen, men med litt redusert trykk og ustabil leveranse. Det er problem med UV-anlegget som er årsak til problema. Det siste er at det blir heilt stopp i leveransen igjen ein kort periode, for å prøve å få leveransen stabil.
Les heile saka
Det kommunale vassverket i Bjøråa fikk driftsstans laurdag føremiddag. Teknisk vakt var raskt på plass i driftssentralen og konstaterte problem med UV-anlegget, og han rekna med å få anlegget i drift igjen ganske raskt. Bjøråa vassverk har vassforsyninga frå Gammelfabrikken og nedover til Todalshytta, samt boligfeltet på Flathaugan.
Agnete Øyen vart lettare sjokkert da ei gaupe kom spaserande etter asfalten forbi huset no i kveld. Ho sto i telefonen heime på Brustad da ho kika ut gjennom vinduet og fekk sjå gaupa som kom etter vegen. Gaupa stoppa og såg opp på Agnete, før ho forsette innover forbi Brusetbrua og innover i retning Lykkja før ho forsvann oppi skogen.
Les heile saka
Starten på årets laksesesong tyder på at det er lite innsig av laks til mange av elvane i distriktet. Etter midtsesongevaluering er det difor mange elvar som har innførst strengare kvotar og regulering av fisketida i samråd med Miljødirektoratet. Enkelte elvar har faktisk gått til det skrittet å frede all storlaksen.
Les heile saka