Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppkjøring til seriestart

Elinor Bolme Sundag 22. mars 2015

Fotballsesongen er snart i gang for fullt, og dei aller fleste aldersbestemte lag har forlengst starta oppkjøringa. Gutane på G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen hadde fredag til laurdag teambuilding med trening, felles middag, overnatting og treningskamp på plana.

Etter trening på Banksletta fredag kveld dro dei til Stangvik skule for overnatting og sosialt samvær. Oppmennene hadde ordna med innkjøp av mat, som gutane sjølv tilberede og severte i kantina på skulen. Etterpå vart det overnatting i skulens gymsal, før dei møtte Rindal G14 til treningskamp på Øye Stadion i Surnadal.

Rindalingane tok leiinga 2-0 etter kun få minutt og dominerte så og seie heile kampen. I anledninga med tre omgangar og eitt sluttresultat på heile 10-1 til Rindal, i følge dommar Torstein Snekvik som hadde ein grei jobb å gjere.

Under er nokre bilder frå arrangementet.

Publisert: 22. mars 2015, 03:59