Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solformørkelsen – litt oppskrytt?

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2015

Straks før kl 11 fredag var det solformørkelse – i Longyearbyen på Svalbard var den total, medan den her omkring var i overkant av 90%. Vi merka nok at intensiteten på sollyset vart litt dempa, men hadde vi ikkje visst om den så hadde vi no ikkje merka så mykje til den. På kaffekroken var det stor fokus på det som skulle skje, og enkelte hadde rusta seg ut med sveiseskjermar for å kunne sjå på fenomenet.

JonB_5811

Jon Bruset kika på sola gjennom ein sveiseskjerm. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nok eit utruleg samentreff at det denne dagen er både solformørkelse, vårjamndøgn og supermåne.  At det er vårjamndøg vil seie at dagen og natta er like lang, og det er den faktisk over heile verda! Supermåne vil seie at månen er nærast jorda denne dagen i denne månefasen – dette skjer på kvar «rundtur».

kaffekroken_5832

Frå «solobservatoriet» på Kaffekroken. sveiseskjermen gikk på omgang. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 20. mars 2015, 13:03