Deltakarane på Trollheimsmarsjen 2015 hadde ein drømmetur over fjellet. Turen over fjellet er stipulert til 5 timars turistmarsj, men det var mange som bruka mykje lengre tid – rett og slett for å nyte den fine dagen i langdrag, når dei forst hadde sjansen. 117 personer deltok i årets arrangement, og det er betydeleg fleire enn sist, – men berre vel halvparten av deltakartalet frå jubileumsåret 2008, da heile 231 var med.
Les heile sakaNytt spent konfirmantkull
Under dagens gudstjeneste i Todalen Kyrkje vart konfirmantene for våren 2015 presentert. Det var 5 alvorlege og litt spendte ungdommar som steig opp til sokneprest Bernt Venås. Han lova dei ei spanande tid framover med den obligatoriske undervisninga som høyrer denne tida til.
Les heile sakaOppstart med eldremiddagen
Eldremiddagen starter opp etter sommerferien onsdag 3. september kl 1300, og arrangørane ønsker både gamle og nye gjester hjertelig velkommen til Sanitetshuset i Todalen. Som vanleg blir det servert god middag med dessert og en kaffekopp med noe godt til tilslutt. Ring gjerne 91337168 eller 71663598 for påmelding.
Trollheimsmarsjen er i gang – 117 på tur over fjellet!
Dei første deltakarane er forlengst på veg over fjellet frå Todalen til Ålvundeid som deltakarar i Trollheimsmarsjen 2014. Med sol frå blå himmel og rundt 15 varmegrader blir det nok ein kjemfin tur over fjellet til Leikvoll stadion på Ålvundeid. I 9.30-tida var det 70-80 deltakarar som hadde stukket til fjells, men det er høve til å starte fram til kl 11.00 frå Bordholmen stadion i Todalen.
Les heile sakaViste fram bygda til freiøyingane
Freiøya Historielag vart stifta i 1980. Det er eit aktivt lag med 130 medlemer. Mellom anna gir dei ut ei årbok kvart år og arrangerer ein hausttur. For to år sidan gjekk turen til Surnadal og Rindal, i fjor var dei på tur til Romsdalen. I år var Todalen turmålet. Leiar Per Kvalvik tok kontakt med leiaren i Todalen Historielag, John Moe, og dei la i samarbeid opp program for besøket i Todalen laurdag 30.august. I alt 53 medlemer deltok på turen, så bussen var heilt full.
Les heile sakaFint turvêr for Trollheimsmarsjen
Det ligg fint tilrette for dei som har tenkt seg til å ta del i Trollheimsmarsjen søndag. I fjellet meldes det om bra temperatur og litt sør eller søraustleg vind (2-4 m/sek). Ta med deg klær og mat og godt fotty, og nyt turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid.
Les heile sakaDet tinar i fjella rundt oss
Etter ein fantastisk fin sommar finnes det ikkje lenge noko spor etter snø frå siste vinter. I tillegg til at vinteres var snøfattig, har det nok tina mykje gammesnø og blåis i snøfonnene og dei flekkane som er att av blåis, slik som i Kjerringa. «Porkå» er praktisk talt smelta bort, med berre ein liten flekk med blåis att. Blir det fleire dagar med varme utover neste veke er no den lille flekken med blåis borte.
Les heile sakaDr. Bekken: Legg opp til utekonsert på Todalshytta søndag kveld
Folk bestiller billetter, og bestillingane kjem både frå fjern og nær, fortel Eric Malling på Todalshytta. Dei opnar dørene kl 18, med ertesuppe og vafler på menyen. Konsertstarten blir kl 19.00. Har du ikkje bestillt bilett, så er det lurt å svinge seg rundt og ringe tlf 48099478 (Eric).
Les heile sakaTok Vindøldalen i nærare augesyn
Torsdag var det Vindøldalen som var turmålet for Stavganggruppa. Hytta til Randi og Vidar Sogge var base for ekspedisjonen, og med strålande haustvêr var det eit fint utgangpunkt for å ta ein times rundtur i området, før gruppa samlast på hytta igjen til felles kaffepause og sosial prat.
Les heile sakaKom luftvegen til møte på Gammelfabrikken
Talgø har mykje besøk av forhandlergrupper og kjeder på utstillingssenter ved Storfossen i Todalen. Fredag var det regionmøte i Hageland-kjeden som var samla frå heile Midt-Norge, og dei fleste hadde sitte fleire timar i bilen på tur til Nordmøre og Todalen. Ein av dei som deltok på møtet, var Eivind Gynnild, som kom frå Stiklestad i Verdal. Han ringte og bestillte seg skyss frå flyplassen i Surnadal, og var klar til å dra frå «flystripa» i kornåkeren til naboen på Stiklestad kl 10.45, og kl 11.35, altså 50 minutt seinare kunne han hentast på Fiske Lufthamn på flyplassen til Ivar Fiske i Øvre Surnadal.
Les heile saka«Klok mann mister grepet» – inviterer til åpent møte og kurs for pårørende
21. september er det Alzheimerdagen, og da trår Surnadal demensforening og helselag til med åpent møte på kantina på Surnadal Sjukeheim. Dit kommer Trude Nausthaug og forteller om hvordan det er å være pårørende til en pappa med Alzheimer. Samtidig inviteres til Kurs for pårørende, venner og bekjente til peroner med demens. Dette kurset arrangeres i samarbeid med Rindal Demensforening og kommunene Surnadal og Rindal, forteller Liv Botten i Surnadal Demens- og helselag.
Les heile sakaLåvecafé på laurdag
Førstkommande laurdag blir det åpen café på Kårvatn Fjellutstyr igjen. Ingvild serverer denne gongen bakels å græt, gulrotkake, kaffe og ingefærte. I tillegg har ho dykka både i Todalen Historielag sitt arkiv og eige skulearkiv og laga til ein historisk natursti frå butikken og opp til Nauståfossen.
Les heile saka