Det er Kreativt Forum som står som arrangør for Torgdagen på Skei laurdag. Det skjer på torgplassen framfor Surnadal kulturhus, og der er det aktivitet frå kl 11.00 til kl 16.00, med salg av alle slags torgvarer; som egg, rømme, lefse, såpe, bakte poteter, antikviteter og mykje meir, melder Kreativt Forum
Les heile sakaMed Lars Magnar som kjentmann til Svorka – oppdatert
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 4. september i Svorka i Bæverdalen. Lars Magnar Bævre fortalde om Svorka, og kven kunne passa betre til dette enn nettopp han? Foreldra hans kjøpte nemleg Austistua to år etter at Lars Magnar var konfirmert, og han var sjølv eigar av garden frå 1971 til 2009.
Les heile sakaImponerte igjen
Tirsdag kveld vart det stinn brakke ved Talgø sitt utstillingssenter ved Gammelfabrikken. Rundt 85 ansatte i Amfi Drift AS var da nok ein gang på besøk hos Talgø AS. Sist Amfi Drift var på Gammelfabrikken var i forbindelse med senterledersamling i Surnadal våren 2013. Denne gangen var det driftsledere fra alle Amfi driftede senter i hele landet og regionsjefene som var samlet for faglig påfyll.
Les heile sakaTrollheimen – sett frå Trollheimsmarsjen
Søndagens Trollheimsmarsj var ein ubetinga suksess og ei flott naturoppleving for dei som tok turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid. Dersom du tok deg litt tid til å sjå deg rundt, var det eit ypperleg høve til å bli betre kjent med Trollheimen. Det var klår luft og lite dis, du kunne sjå så langt «auge rakk» innover fjella.
Les heile sakaRenovasjon avlyst, riving neste
«Prosjekt Stuå» er no i full gang av ekteparet Steffi og Carsten. Dei såg fram til å starte med arbeidet, etter at dei tok steget og kjøpte husa i sommar, og gjorde for alvor todlingar av seg. Laurdag starta Carsten med innvendig riving for fullt, for å sjå korleis ståa var. Og den var definitivt langt verre enn dei først antok. Store deler av tømmerveggane verka i første augekast fine, men etter eit par kakk med brekkjarnet, viste det seg at her hadde både biller og husbukk teke for seg.
Les heile sakaHett & Svett utvider utstyrsparken
På sist årsmøte til idrettslaget i vinter vart det bestemt at det skulle kjøpast inn meir utstyr til treningsrommet Hett & Svett. Etter nokre månader med diskusjon om kva det var behov for, vart det tidligere i sommer bestilt 5-6 nye apparat til rommet.
Les heile sakaTemakveld om boligmarked
Torsdag kveld er det hos Sparebank 1 SMN på Skei temakveld om korleis unge og førstegongs boligeigarar skal komme seg inn på boligmarkedet. Her vil det bli tips og triks av Eiendomsmegler 1 om blandt anna lite boligar, høge prisar og eigenkapital.
Les heile sakaFørsteklassingane i Todalen fekk besøk av Trollheimsporten
Trollheimsporten er no på runde for å ta ein prat med alle nye førsteklassingar i Surnadal kommune, og første skule ut i serien er Todalen Skule. Her har Maria, Tor Asbjørn og Hallvard stolt vist fram både skulen og arbeidsplassen sin for den nye reporteren i Trollheimsporten, Eva Rønning.
Les heile sakaInspirasjonskveld 9. september
Prosjektleder Anne Polden i Surnadal kommune minner om påmeldingsfristen for å delta på «Påfyllskvelden for ildsjeler» 9. september, som går ut i morgon den 3. Her er det høve for alle som sitt i ulike styrer innan frivillig arbeid til å delta.
Les heile sakaKunstprosjekt i skulegarden
Laurdag arrangerte FAU ved Todale oppvekstsenter ein kunstdag på skulen. Her fekk alle elevane samt førskuleungane ved barnehagen anledning til å lage bilde av seg sjølv. Plana var å halde til i sløydsalen i 2. etasje, men sia veret var så utruleg fint, valde vi å ta det ute i skulegarden seier FAU-leiar Line Marie Kvendset.
Les heile sakaDu verden, Dr Bekken!
Dr. Bekken, eller Tor Einar Bekken, tok nærast todalingane med storm da han heldt konsert og sesongavslutning på Todalshytta søndag kveld. Og publikum var rause med applausen da han briljerte på sitt el-piano med publikum på tunet framfor Todalshytta i halvannen time. Du verden for ei musikkalsk oppleving for oss som fekk høre og sjå Dr bekken i aksjon.
Les heile sakaVellykket Årnesvandring
Laurdagen kom med skikkeleg godver – og da klokka nærma seg 11 og start for «vandringa» på Årnes, møtte bortimot 80 stk opp ved Kjergroneset. Her veit ein om busetnad til langt attover på 1700-talet. Svein Aarnes hadde ei kort orientering før vi starta etter «Gammelvegen», opp liene. Dette var samtidig åpning av eit «turnett» på bortimot 3 mil som er rydda og merka i Årnesliene.
Les heile saka