Denne helga går søndagsturen til Engdalen i Halsa kommune, der det er oppmøte ved Saltrø grendehus som ligg mesta på grensa til Hemne. Da kjrer du til Betna, og følgjer E39 vidare utover og over Valsøytbrua etter nyvegen til Engdalen. INFORMASJON FRA 52-17 SØNDAGSTUREN Turnavn: Gåtur fra Saltrø grendahus til Engdalen – søndagstur i «grenseland» […]
Les heile saka
Vårsøghelga starta torsdag, og er alt i full gang med eit allsidig program som går fram til søndag kveld. Nytt av året er at Vårsøghelga og pinsehelga har «skilt lag», men nytt er også at Kleivakvelden er lagt til laurdag kveld kl 18, og ikkje fredag kveld som tidlegare.
Les heile saka
Todalshytta åpner for sesongen den 15. juni, men tjuvstarter allerede i månedsskiftet, når en gjeng låtskrivere gjør sitt inntog for å finne inspirasjon på Todalshytta og i todalsnaturen. Det er nok smart å finne inspirasjon i nabolaget til Hyldbakk og Sommero, som tross alt er bakmennene til klassikeren ”Vårsøg”, seier Eric Malling, som er vertskap på Todalshytta. Dette er et samarbeid mellom Todalshytta, NOPA og GramArt som har bidratt med økonomisk støtte til prosjektet som altså foregår på Todalshytta den første uken i juni.
Les heile saka
Mannskapet på G10 Søya/Todalen spela i går kveld kamp på Bordholmen mot erkerival Surnadal. Det vart dessverre tap for dei lokale gutane, da Surnadal var hakket meir effektiv framfor mål. I følge Surnadal vart resultatet 5-24, men det treng kanskje ikkje vere fasiten. Søya/Todalen er eit blanda lag, med både 9 og 10 åringar.
Les heile saka
For april kan vi endeleg gratulere Lars Redalen som vinnar av månadens bilete med «Malttørkaren». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Det er også straks klart for avstemninga for mai, så følg med neste veke.
Les heile saka
Søndag 31. mai er det klart for ny familiedag i Skustuå. Her er det ope hus frå kl 12.00 til kl 15.00 melder Line M. Kvendset til Todalen.no, som fortel at det blir teiknekrok for og uteleik for ungane. Alle er velkomne til ein triveleg formiddag og ein triveleg prat over ein kopp kaffe – og gode kaker!
Åtte blide fotballjenter stilte tysdag kveld opp til dugnad på Todalshytta. Der var det uteområdet som skulle ryddast og ordnast før storinnrykk til helga. Det var raking av plen, luking av bed, uttrilling av bork og plenslåing. Heldigvis hadde jentene god hjelp av dyktige foreldre.
Les heile saka
Svorka kan presentere et årsresultat for 2014 som er godt i historisk sammenheng, på tross av sterkt redusert kraftproduksjon og lavere inntektsramme. Dette er et resultat som kommer eierkommunene Surnadal, Rindal og Halsa til gode, skriv Svorka i si pressemelding i dag.
Les heile saka
Redskapshuset på Bordholmen skal få eit nytt målingsstrøk. Dugnadsgjengen hadde første samling tysdag kveld, der 5 personar møtte. Litt regnvêr gjorde at det ikkje var tilrådeleg med noko målararbeid, men gjengen tok fatt på skråpejobben som vart på det næraste ferdigstillt. Torsdag frå kl 17 blir det ny dugnadskveld, og Gudmund Kvendset håpar at det da kjem bra med mannskap, slik at det blir litt fart i målararbeidet.
Les heile saka
2. pinsedag inviterte Todalen historielag til historisk vandring på Kårvatn. Dei hadde hyra inn Gudmund Kårvatn som guide, og han hadde mykje å fortelje om både gardshistorie, samferdselshistorie og turismen i historisk perspektiv. Turen starta ved «Vandraren» framfor butikken og gikk gjennom gardstunet og innover til Sommarfjøsvollen før vi svinga i retning Nauståfossen og attende til Kårvatn. Eit 50-tals deltakarar hadde møtt fram for å delta.
Les heile saka
Ikkje alle er like oppfinnsomme for å ta seg fram til låvebutikken for å få seg ein kaffekopp hos Gudmund Kårvatn. Rune Gjeldnes er ein av dei som ankom litt utanom vanleg allfarveg sist veke. Han tok seg opp på Storfjellet til fots og på ski det siste stykket, for så å sette utfor kanten med ein speedsraider.
Les heile saka
Tysdag kveld blir det målardugnad på Bordholmen, melder Gudmund Kvendset i anleggskomiteen i T.I.L. Det er reiskapshuset som har fått eit facelift med ny bordkledning på vêrveggen, og no skal heile huset få eit strøk med måling. Dugnaden startar kl 17 – og sjølvsagt blir det dugnadskaffe.
Les heile saka