Vi er godt i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.
Les heile sakaSp-leiar Vedum til Surnadal
Kveldstrim til Hyllå og Petlia
17.- maiprogrammet – folketoget startar i kyrkja
Det er gjort ei lita endring i programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen. Folketoget har tidlegare starta i skulen og gått nedover til kyrkja. Det var først sett opp slik i år også, men FAO har endra dette, slik at starten på folketoget blir som tidlegare sett opp kl 15.15 – etter gudstenesta og kransnedleggjinga.
Les heile sakaStakkUT til Megardsvatnet…
Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på stavgangturen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover. Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen.
Les heile sakaFrukosten er flytta til Ungdomshuset
17. mai-frukosten er flytta frå Bordholmen til Ungdomshuset. – Vi hadde ikkje nervar til å vente lenger på finvêret, gliser Knut Bergli, når vi besøker frokustgjengen i fullt arbeid med å rigge til for frukostservering i Ungdomshuset. Sjølv om det meldt lite eller ingen nedbør til 17. mai, så var det nok temperaturvarseleg som var avgjerande – med 4-5 varmegrader og litt vind blir det fort kaldt på Bordholmen, seier Knut.
Les heile sakaSvinvikrunde med ordførarfølgje
Saman med rundt 40 andre deltakarar trossa vi tette regnbyer og dårleg vêrmelding og møtte opp for å bli med på Lilly Gunns ordførartur på den populære ”StikkUT”-turen som Svinvikrunden har vorte. Vêret vart da slett ikkje verst lell, og vi hadde ein fin rundtur med triveleg selskap på turen.
Les heile sakaStorrundt til vegs ende
Etter heile 15 runder med gamle bilder frå Todalen Historielag sin fotoserie STORRUNDT, er vi i dag komne til vegs ende i Ansneset. Dette er tredje innslaget med bilder frå Hallsetgrenda, og redaksjonen benytter anledninga til å takke historielaget for at vi har fått teke del i å formidle over 150 bilder frå todalssamfunnet frå eldre tider.
Les heile sakaSper på reisekontoen
Det er ikkje berre poeng som skal sankast i vårsesongen for fotballgutane på G14 STKU. I kveld var dei saman med trenar, oppmenn og foreldre samla på Ansnes saga for å ta våropprydding for å spe på reisekontoen til dei skal til Norway Cup. Etter avtale med Møre Tre hadde dei fått oppdrag med å rydde rundt saga etter at sagbruket no har teke ein produksjonspause til sommars.
Les heile sakaFriska opp livreddande kunnskap
Tysdag kveld fikk todalingane friska opp sine kunnskaper om livreddande førstehjelp. I regi av omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening og Todalen brannvesen var det arrangert førstehjelpskurs i klubbhuset på Bordholmen.
Les heile sakaFerdigrydda til 17. mai
Måndag var borna i skulen og barnehagen ute og rydda rundt vegkantane og i skuleområdet, slik at det skulle bli strøkent til 17. mai og folketoget. Alle elevane var med og det var mange små og ivrige hender som saumfor vegkantane etter vinterens etterlatenskapet.
Les heile sakaFra Todalen til Kristiansund
Denne månedens blogginnlegg kommer Kristiansund og yngste datter «Stænanj». Ta kveld med blogg fra Anne Helene Tørset.
Les heile saka