No er det definitivt klart for oppstart av barneleik og gubbetrim igjen melder Knut Bergli. Han fortel at dei yngste har fått tid i gymsalen på skulen måndagar framover. Dette er for dei opp tl 4. klasse. Dei som er hakket eldre har fått tid på søndags kveldane. Altså dei frå 5. klasse og oppover. Her blir det ulike aktivitetar etter kva ungane sjølv ønsker.
Les heile saka
Todalen Oppvekstsenter inviterte i ettermiddag til avslutningsfest på temaet Nepal. Elevane har den siste tida lært om korleis dei kan hjelpe andre born., og viste stolt fram dette i dag både frå scena og i form av plakatar og heimelaga salgsutstilling i gymsalen. I tillegg hadde dei lynlotteri og ordinær basar med mange fine gevinstar, både laga […]
Les heile saka
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder alt no at StikkUt-seosongen 2015 er ein suksess. Frå 1. mai til 1.oktober er det på nett registrert 9690 StikkUt-brukarar og heile 160 000 turar! Eit fantastisk resultat, og fin framgang frå i fjor. I tillegg er det mange som ikkje registrerer seg på nett, men nøyer seg med å […]
Les heile saka
I dag har det vore hjort- og elgjakt i Svinvika, og resultat av jakta vart det. På Gammelsetra kom det ei elgku på Trond Svinvik, som var rask oppe med geværet og felte den. Det var ei fjorsku som vart fangsten, og det er første elgen som er felt i Svinvika sia 2009.
Les heile saka
KreativtForum arrangerer HÆSTlatter fredag 30. og Lørdag 31. oktober. Dette blir ein heilaften med god mat fra Hammerstuene og knaillartige revynummer fra 7 lokale revyaktører i Surnadal og Rindal fortel Tove Merete Schei.I tillegg kjem gjesteartisten Johan Øiestad, ein knaillgod imitator, kjent fra TV og Norske Talenter! Etter at revyen er over spelar den kjente Karstein […]
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti ønsker å takke alle som har stemt på seg ved årets kommunevalg.
Innsatsen fra velgerne har bidratt til at partiet gjorde tidenes nest beste valg noensinne i Surnadal.
Les heile saka
Elevar ved helse- og oppvekst-lina ved Surnadal vidaregånde skule inviterte måndag pensjonistar til formiddagskaffe i Todalen sanitetshus. Om lag 20 todalingar møtte opp, og dei fekk ei riktig så triveleg stund i lag med dei unge. Elevane organiserte først bingo, og bingospelararne viste stort engasjement. Populære premiar var boksar med sjølvbaka kaker, og det var […]
Les heile saka
Sollid Skog As er i full gang med rydding av det nye bustadfeltet ved Øygarden på Nordvik. I løpet av eit par-tre dagar er store deler av granfeltet ryddet og etterpå blir det hogst av furu lenger nede i feltet, fortel Roar Sollid som kjørte hogstmaskina da vi var nedom og tok nokre bilder måndag ettermiddag. Dei skal ta ut totalt rundt 1500 m3 og det er ikkje lang hefta med slikt utstyr. Den nye hogstmaskina kostar rundt 4 mill og har ein kapasitet på mellom 25-30 m3 i timen – alt etter korleis skogen og landskapet er.
Les heile saka
Innsamlingsaksjonen er i full gang – i Todalen har dei fleste heimane alt fått besøk av bøssebærarar. Todalen.no trefte 3 av dei da dei var ute på strekninga frå Ansneses til Kårvatn, og dei fortalte om stor givarglede blant todalingane. Rundt om i Noreg er det rundt 100.000 bøssebærarar som er ute for å samle inn pengar i årets innsamlingsaksjon som går til Regnskogfondet.
Les heile saka
Halset vasslag er i full gang med oppgradering av vassverket. For nokre år sia vart det bygd ny brønn på anlegget, og no er det anlegg for filtrering og UV-stråling som står for tur. Det blir bygd nytt hus til dette like ved Oppistua på Halset, som skal huse alt det tekniske utstyret som skal til. Det er ei investering for Halset vasslag på 5-600.000 som skal til for å få vassverket godkjent av Mattilsynet, og det meste av arbeidet skjer som dugnadsinsats.
Les heile saka
Denne veka arrangeres den store bygg- og interiørmessa «Bygg Reis Deg 2015» i Lillestrøm, og den er open til og med laurdag. Dette er den største byggvaremessa her til lands, og sjølvasgt er Talgø og MøreRoyal representert der med ein stor stand. Den store nyheitsbomba er det nye elementbaserte hagestue- og bodkonseptet som blir lansert her. På messa stilles det ut eit heilt tun med produkt frå dette konseptet – og responsen har vore stor, fortel salssjef Bjørn Hauglann.
Les heile saka
Måndag kveld var todalen.no bortbedt på inspirasjonsmøte på Ålvundeidet. Ålvundeid grendalag har den siste tida gjenoppstått frå ein lengre dvale etter at dei plutseleg vart ståande utan skule i bygda som dei sjølv forklarte. Etter fleire klagar til Sunndal kommune om ulike kommunale vedtak i skulesaka måtte dei til slutt gje tapt. Men berre på skulefronten, for bygda skal no etter plana slettest ikkje bli noko daupunkt mellom fjella fortel styret i grendalaget engasjert. Og det var derfor dei ønska ein gjennomgang av korleis vi i Todalen har ein såpass vellukka nettportal for å sjå om dei kan ta blåkopi.
Les heile saka