Torsdag arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret i Surnadal kommune førjulsmartna. Der var det salg av flotte heimelaga produkt, kaffeservering og basarbord. Inntekta frå martna’n skal gå til å lage fint uteområde mellom Rehab og pensjonærbustadene. Det er planar om å bygge platt med utsikt mot elva, gapahuk og gangveg, og å kjøpe inn utemøblar og bålpanne. […]
Les heile saka
Laurdag er det «handle lokalt-dag» på Matkroken. Som vi tidlegare har omtalt er Matkroken deltakar i det såkalla Merkurprogrammet for sistebutikkar, og laurdag er det nasjonal kampanjedag for lokal handel i dei såkalla Merkur-butikkane. På Matkroken i Todalen blir dette markert både med infomateriell og ikkje minst kaffe og blautkake til alle som stikk innom butikken denne dagen.
Les heile saka
I kveld kjem Barneteatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Konglesugaren».. Då skal Reven og Grisen ut på nye eventyr, og enno er det god plass i storstua. Reven og Grisen er kjent for mange frå Barneteatret Vårt si forestilling Prikkesyken som var ein stor suksess. Med Konglesugeren inviterer Teatret Vårt til eit hyggeleg gjensyn på Surnadal kulturhus i ei varm og humoristisk forestilling til glede for liten og stor.
Les heile saka
Komande søndag er det Fauskåvatnet som er mål for søndagsturen. Turen startar i Søyådalen, dit du kjører med bil etter Østbødalsvegen og fortsett etter bomvegen til du treffer turfølget inst i Søyådalen. Herfrå startar fotturen til Fauskåvatnet som ligg på 579 meters høgde. Herfrå har dei fleste i nedre Surnadal si vassforsyning.
Les heile saka
Vi var så heldige å få invitasjon frå Monika på Rossåa settefiskanlegg til stamfiskhuset ved Bjøråa for å sjå korleis stryking av fisk gjekk føre seg. Vi hadde tidlegare i haust møtt Monika og Bjørnar ved elva. Da var dei på på utkikk etter stamfisk.
Alle elevane på skulen fekk sjå korleis rogn frå holaks og mjølke frå hannlaksen vart stroke ut og blanda saman.
Les heile saka
Også i år skal Todalen Sanitetsforening sende med julegaver med neste delegasjon fra Estlandsforeningen som skal ha sin juletur først i desember. I den anledning inviterer de alle andre som har lyst til å bidra også, til å komme med ferdig innpakkede julegaver torsdag 29. oktober mellom klokka 18 og 20 i Sanitetshuset.
Les heile saka
Torsdag kveld blir det atter ein gong todalsreklame i sjå på TV. Denne gongen er det TV3 som stiller med fullt mannskap i programet «Eventyrlig oppussing» der oppussingsobjektet er Naustådalssetra eigd av Gudmund Kårvatn. Serien har premiere i morgon kveld klokka 21.45 på TV3 og gir oss innblikk i nokre hektiske dagar på setra tidlegare i sommar. Vi hadde ein reportasje frå Naustådalsetra tidlegare også, i forbindelse med renovering av taket der oppe, med lokale handtverkarar.
Les heile saka
SURNADAL RØDE KORS ønsker å anskaffe så rimelig som mulig: Hjørnesofa (evt. 3+2) samt salongbord som vi skal bruke på vårt depot. Har du ein ledig sofa, så ta i så fall kontakt med Surnadal Røde Kors, v/leder Reidar Brøske på telefon 957 76170.
Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 31.oktober blir det landsomfattande aksjonsdag for lokal handel på Matkroken. «Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar. Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.
Les heile saka
Surnadal Normisjon inviterer til utvida misjonsfest med varesal, matsal og lotteri. Inntekta går til eit stort arbeid i Norge og på misjonsfelt i fleire land i Asia, Afrika, Europa og Sør-Amerika. Dørene blir opna for sal kl 15.00, og kl 16.00 er det fest der Elisabeth Østergård frå regionkontoret deltek med andakt og misjonsinformasjon.
Les heile saka
Måndag kveld var det fagkveld for damer på Byggmakker. Der fekk dei nyttige tips om opp-pussing og informasjon om nye fargetrendar. Dyktig og eingasjert konferansier for kvelden var Magne Seierslund. Han ønskte damene velkomne til ein butikk der mennene ofte dominerer, men slik bør det ikkje vere da jentene ofte er like ivrige, flinke og gjer rikitig stor innsats både når det gjeld opp-pussing og hagearbeid.
Les heile saka
Hell i uhellet gjorde at det ble med eit branntilløp og ikkje garasjebrann hos Jon Bruset på Småhjellan. Det var måndag i lunchtida at Jon sette på batteriladaren på bilden for å sikre at batteriet var fullada før det blir vinter. Han kobla til ledningane mellom ladaren og batteriet og forsikra seg om at det var rett kobla, før han sette i kontakten.
Les heile saka