Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

OHOI for ei forestilling!

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2016

Vi sluttar oss til orda til rektor Mons Otnes, da han takka russen for ein feiande flott revypremieere i Surnadal kulturhus i kveld.  Vi er etter kvart vant til at russerevyane har eit høgt kvalitetsnivå, og årets revy er ikkje noko unntak. Stor fart,  mange artig innslag og mykje flott song og musikk gjennom knappe to timar.

Vi er imponert over kva eit femtitals avgangselevar har fått til, og med den kvaliteten som vi vart presentert frå scena i kveld så er vi overbevist om at det litt mykje arbeid bak ein slik revy. Nye forestillingar er det fredag kveld og laurdag kveld – det er enno ledige billettar både fredag og laurdag, så løp og kjøp! Lena Rovik Olsen er einaste russen i Todalen i år, og henne kunne vi observere på scena i kveld.

Vi skal ikkje gi oss ut på noko anmelding av kvelden revupremiere, men vi har lagt ut ei bildegalleri som kanskje talar for seg sjølv. men både valget og kommunereforma var sjølvsagt sentrale tema i revyen.

Her finn du ein serie med bildeglimt frå premiereforestillinga torsdag kveld.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 3. mars 2016, 23:28