Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storrundt; tredje runde

Elinor Bolme Fredag 20. februar 2015

Denne gongen er vi komne til Todalshaugen, Rossåa, Utheim og Furuhaugen. Hovedkilden viser Rossåa etter flaumen i 1957. Vi ser Steinan fremst, Saga og Todalshaugen bak. Ein kan lesa meir om flaumen i -57 i Todalen Historielag sitt årsskiftet nr 13 frå 2014. Artikkelen skreve av Jorunn Ørsal.   Todalshaugen Måleri av Utheim   Furuhaugen.

Les heile saka

52/17 – søndagsturen går til Igltjønna i Rindal

Jon Olav Ørsal Fredag 20. februar 2015

Komande søndag er det Rindals tur til å arrangere søndagsturen. Rindalingane inviterer til akedag i skileikområdet ved Igltjønna, som ligg litt nordaust for Rindal sentrum. Du parkerer på parkeringsplassen like ved badeplassen, eller ved Mørelinjebygget i sentrumsområdet. Det er da ca 1 km å gå til akebakken/skileikområdet. Dag og tid er søndag 22. februar frå kl 12 og utover. 

Les heile saka

DDE kommer, kommer du?

Elinor Bolme Torsdag 19. februar 2015

Norsk Laksefestival kunne i går avsløre hvilke artister som ankjem Surnadal under årets laksefestival 18.-21. juni. Dei garanterer feststemning heilt utanom det vanlige når D.D.E og Rednex inntek hovedscena laurdag 20. juni! På scena fredag får vi eit gjensyn med storsuksessen «Surnadals hyllest til Bruce Springsteen & The E Street Band» som sist helg hadde to fulle hus i Storstuå.

Les heile saka

Bli trygg på ny teknologi

Elinor Bolme Torsdag 19. februar 2015

Datafirmaet Agathon IT i Surnadal satsar no for fullt på dataopplæring av pensjonistar. Dei har sett seg mål på å få eit like populært tilbud som dei har i Rindal, og så langt ser det lovande ut. Første kurs er allerede fulltegna kan dagleg leiar Tove Merete Schei fortelje.

Les heile saka

Midlertidig lederløsning hos RBL

Elinor Bolme Torsdag 19. februar 2015

I påvente av ny daglig leder ved Rindal Bil og Landbrukssenter har dagens transportsjef Ola Inge Svinsås sagt ja til å inneha lederstillingen midlertidig til en fast ansettelse er klart, skriver styreleder i RBL ; Magne Løfald i en pressemelding i dag.

Les heile saka

Gaupespor og melding av observasjoner

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. februar 2015

Den siste tiden har det vært stor fokus på gaupejakt, gaupespor og melding av observasjoner. Vi har tidligere omtalt gaupespor inn på gardstuna og obervasjoner av gaupe og gaupespor i flere omganger. Senest nå i helga var det gaupe innom tunet i Todalshaugen, og det ble også observert spor etter 3 gauper mellom Vestrum og Talgø gard. hvordan ser egentlig et gaupespor ut, og hva gjør du for å melde fra om rovdyrspor? Vi har fått Lars Olav Lund til å redegjøre for dette…..

Les heile saka

Strikkekaffe laurdag

Elinor Bolme Onsdag 18. februar 2015

Laurdag mellom 13 og 16 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Merk at tida no er litt forskyva, men damene håper at trufaste og nye kjem til eit sosialt treffpunkt denne laurdagen likevel.

Les heile saka


Massevis av nye smårollinger

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. februar 2015

I fjorhaust vart det teke fleire flotte stamlaksar under stamfisket i Toåa, for produksjon av smolt ved Rossåa settefiskanlegg. No er rogna befrukta og skal etter kvart bli rundt 4000 2-årig smolt som skal settes ut i Toåa i 2016. Noko av overskotet av rogna frå desse storlaksane – rundt 20.000 i talet – vart før helga sett ut som såkalla augerogn i Toåa og skal etter kvart som dei blir klekt prøve å klare seg sjølve utover våren.

Les heile saka


NC – Vel blåst for denne gong!

Jon Olav Ørsal Måndag 16. februar 2015

Arrangørstaben kan nok ein gong puste ut etter eit vellykka arrangement. Norgescupen som vart arrangert på Kårvatn er eit krevjande arrangement som krev mykje av arrangøren – det skal takast hensyn til kvalitetssikring av tider og data og ikkje minst sikkerheita for løparane og løypemannskapet. Nils Ove Bruset har vore rennleiar og har trekt i trådane for å få alle ting på plass. Han rosar mannskapet for både stor innsats og velvilje til å finne praktiske løysingar på dei mange utfordringane i forbindelse med arrangementet.

Les heile saka

Gaupa besøkte gardstunet om natta

Jon Olav Ørsal Måndag 16. februar 2015

Den siste tida er det gjort stadig fleire observasjonar av gaupe. Fredag morgon var det ferske gaupespor i nysnøen gjennom gardstunet i Todalshaugen, fortel Johan T. Hals. Han viser oss gaupespora som enno søndag kveld er godt syneleg på ein snøflekk i utkanten av tunet. I helga var Todalshaug ein tur oppå setra, og der var det ferske gaupespor rundt seterhuset, og under verandaen i framkant av seterhuset. Det er et ord som seier at når du begynner å sjå rovdyra, så er det mykje av dei.

Les heile saka