Utover kvelden er det kolonnekjøring gjennom Svinviktunellen. Det er firmaet Cawerion som held på med kabelarbeid innafor tunnelen kunne securitasvakta som passa på køkjøringa i Svinvika fortelje. Eksakt tidspunkt dei ville å bli ferdig var ikkje klart, men såpass lenge som til klokka 20. var nok sansynleg meinte arbeidskarane.
Les heile sakaSkyteprøve i Ranheimsvingen – er du klar for jakt?
Søya og Todalen skytterlag har i heile sommar drive med skyteprøve på måndagskveldar – no er det 3 måndagskveldar att, så dersom du ikkje er kome i gang så hastar det litt. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen mellom kl 18.00 og 20.00
Les heile sakaSommarstemning og fotballmoro i Bøfjorden
I helga har det vore storhelg i Bøfjorden, med program frå morgon til kveld. Laurdagen var også todalingar involvert i «underhaldninga». Knøttelaget var invitert til å spele minicup i lag med andre lokale lag, medan også G10 laget til Søya/Todalen spela ein kamp mot Bøfjorden sitt lag i same klasse.
Les heile sakaNorges Vels medalje til Ragnar
Laurdag føremiddag var det høgtideleg overrekjing av Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje til Ragnar Halle. Ragnar fikk utmerkinga for lang og tru teneste hos L. Hals – han hadde 30 1/2 år s fartstid da han slutta og gikk over i pensjonistanes rekkjer 1. juli i år. I Kaffekroken var det samla både kundar, politikervener og andre vener da Terje Nordvik overrekte utmerkinga og heldt ein kort takketelae.
Les heile sakaTa deg ein kvil på Bakgreistaden
På trimtur til eller frå Haukarsteinen eller Romådalen kan du ta ein kvil på Bakgreistaden – spilder nytt bord og 2 benkar er på plass ved Bakgreistaden. Det er åshild og Trygve som er sponsorar og Gunnar Nordvik som er designer og handverkar. Det gamle bordet som stod der var nok uttjent og vel så det, og no er altså nytt bord på plass – laga i lerketre.
Les heile sakaStavgangarar til Storlidalen og Tovatna
Torsdag den 13. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Koia, hytta til Olina Halle ved Tovatna i Storlidalen. Vi startar frå kulturhuset på Skei, og i strålande sol med Sverre Kjølstad ved rattet ber det mot Kvenna og over fjorden, og om ikkje lenge er vi på rasteplassen på Gjøra der vi tek ein kafferast. På Lønset stig Harald Storli på minibussen, og på heile turen fram til hytta fortel han interessante historier og om alt vi ser.
Les heile sakaSingel & sand på hamna
Sandkaia i Sissigrenda er ikkje akkurat den travlaste hamna til kvardags, men fredag føremiddag låg MS Freifjord der for å losse singel og sand til Gjeldnes Maskin. MS Freifjord kom frå Herøy på Sunnmøre, og var lasta med 1050 tonn med knusagrus og singel, fortalte Per E. Gjeldnes, som kjørte grusen over på depoet som […]
Les heile sakaInnspurt på god fiskesesong i Toåa
Laurdag kveld kl 24 er det definitivt slutt på årets fiskesesong i Toåa. Første veka var det labert, men i resten av sesongen har det vore bra fiske, fortel leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Det har spesielt vore bra med små- og mellomstor laks, og laksefiskarane har vore godt nøgd med årets resultat.
Les heile sakaÅpent for å førehandsrøyste
14. september er det kommune- og fylkestingvalg. I Surnadal kommune er det 2 dagars val: søndag 13. september og måndag 14. september. Dersom ein ikkje har anledning til å stemme på valdagane kan ein førehandsrøyste, både ved sørviskontoret på kommunhuset, eller rundt om ved dei ulike intitusjonane. Hugs valgkort.
Les heile sakaBøfjordhelg med kultur og fotball
I helga er det storhelg i Bøfjorden med program og aktivitetar frå fredag til langt utpå søndagen. Bøfjordhelga startar på Kveldheim fredag kveld der Bø Grendalag arrangerer salgsmesse med tekstil- og keramikkvarer, kosmetikk, bakarvarer og anna. Laurdag blir det blandt anna revansjeoppgjer mellom Bøfjorden-Todalen, både i klassen knøtt og senior.
Les heile sakaSluttstrek for Eldremiddagen
Onsdag inviterte styret i Eldregruppa til samling for å markere avslutninga for Eldremiddagen på Hammerstuene. Der vart det servert middag til tidlegare kokkar, styremedlemer og gode støttespelarar. Denne dagen kunne dei alle gå til ferdigdekka bord og få maten servert. Menyen var nydeleg sodd med potet, loff og østerdalsflatbrød. Til dessert var det nyplukka, friske […]
Les heile sakaSommerkonsert i Stangvik kirke
Søndag 16. august kl 19.30 er det klart for Sommerkonsert i Stangvik kirke. Det er Magnhild Frydenlund Brøske på piano og Marie Guillot på fløyte som byr på variert musikk fra 1900-tallet.
Fra Paris til Stangvik – Begge musikerne har sin avsluttende musikkutdannelse fra musikkonservatorium i Paris. Magnhild, som er fra Stangvik, er utdanna pianist fra Griegakademiet i Bergen med professor Audun Kayser som lærer. Deretter fulgte 3 år med klassisk piano ved Conservatoire National Regional de Versailles og professor Francois Chaplin.