Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fiskar godt, men færre fiskarar..

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juni 2016

Det er framleis godt laksefiske i Toåa, men dei siste par dagane har det vore litt færre fiskarar. Det har nok samanheng med at det enno er få som har gått ut i ferie, men utover veka reknar vi med at det blir fleire igjen. I dag er vassføringa rundt 13 m3/sek ved Storfossen, og det er fine forhold for fiske.

I helga er det teke fleire laks og det bekrefter nok at laksen framleis er på bett. På yr.no meldes det om litt regn utover veka og da vil nok elva få litt farge, og det er slett ikkje uheldig for laksefisket.

Eric Malling på Todalshytta skryter uhemma av årets start på laksefisket. – Det har vore ein heilt eventyrleg start på laksefisket i år, og så langt ein sesong som står i sterk kontrast til fjorårets sesongstart da vi nærast opplevde «svart hav».

Siste nytt:
Heilt på tampen av gårdagen vart det teke 2 fine laksar på Ramsøyvaldet – Bjørn Anthony tok ein på 5,8 kg og Terje Kristiansen ein på 4,3 kg.

 

Først publisert: 21. juni 2016, 21:38 - Sist oppdatert: 22. juni 2016, 07:14