Litt ruskete vêr la ikkje nevneverdig demping på den tradisjonelle julegrantenninga ved Hals i ettermiddag. PT-utvalget som var arrangert hadde ordna med gløgg, saft, pepparkaker og twist til dei mange frammøtte. Trass lite som minna om andre søndag i advent og 6. desember fekk juletreet lysa tennt i vindkasta.
Les heile saka
Klassikaren «I denne søte juletid» inneheld det meste av kyrkja sin julebodskap. No er Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor i full gang med årets musikal-versjon av Arne Dagsviks kantate.
Framføringa – med solistar, kor og kammerorkester – skjer i kora sine heimekyrkjer søndag 20. desember. Same helga spelar dei musikken inn på CD.
Les heile saka
Surnadal Røde kors arrangerer innsamling av vinterklær i forbindelse med organisasjonens sitt satsningsområde «Ferie for alle». Denne gongen blir det derfor samla inn vinterklær fordi det arrangeres juleferie fra 22-26 desember på Savalen i år, fortel Marianne Bergem i Surnadal Røde Kors.
Les heile saka
I fjor bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning i Brusetmarka etter fleire års pause. I år kunne ein laurdag føremiddag tru at den planlagde julegrantenninga skulle regne og blåse bort, men det stilna heldigvis til kvelds, juletreet stod støtt og vart tent! Det er vel berre å slå fast at «godt folk har […]
Les heile saka
Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.
Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.
Les heile saka
Dei sju jentene i Stangvik Jentekor ståkar til jul! Og midt i ståket øver dei på Prøysens «Julekveldsvise».
Fredag kveld er dei hovudaktørar i «Vår eigen julekonsert» i Stangvik-kyrkja. Kven annan som skal synge og spela, vil dei røpe om nokre dagar.
Les heile saka
Todalen.no er godt i gang med forberedelsane av 2016. I den anledning har vi sett produksjon av nye premiar av månadens bilete 2016 og 2017. Tidlegare premiar har vore eigne koppar og i år termosar. Frå januar 2016 blir det solide handdukar, nok ein egna ting som ein er avhengig av, -kvar einaste dag.
Les heile saka
Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for november. Sjølv julestria kanskje har satt inn for fullt, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Kanskje har du allerede no nokre bilete med julestemning som vi kan ha klare til romjula? Vi takkar for alle bilete vi har fått inn gjennom månaden.
Les heile saka
ELG MED BAND inviterte fredag til «en annerledes» julekonsert i Stangvik kyrkje, og det vart ein heilt spesiell, variert og fin konsertkveld! Publikum fekk presentert tradisjonelle julesongar, kjende songar frå Disney-jul og sjølvkomponerte låtar av Elg. Konserten opna med Elgenes sin song «Jul hos alle no», ein stemningsfull julesong til ettertanke. Deretter vart det tradisjonelle […]
Les heile saka
Onsdag kunne fire fornøgde karar vise fram nyinvesteringar i Stangvik kyrkje, – i løpet av seinsommaren og hausten har kyrkja fått tett tak og nytt lydanlegg. Kyrkjetaket har vore utett i over tjue år, og lause taksteinar har ført til at både enkelte inngangar og område rundt kyrkja har vore avsperra dei siste åra. No […]
Les heile saka
Allereie fredag kveld kan du være med å nyte «godlyden» i det nye lydanlegget i Stangvik kyrkje. – Da kjem nemleg Elg med sitt ELGband til Stangvik med sin konsert «jul hos alle no», og er du på plass kl 19.00 så får du med deg alt. To «reservetodalingar» kan du også stifte bekjentskap med under konserten denne kvelden…
Les heile saka
Vår server-leverandør Uniweb varsler at det i dag foregår oppgradering av maskinvare. Om dere opplever ustabil tilgang i dag, er dette årsaken.
Forhåpentligvis er det i orden i løpet av ettermiddagen.