Trimgruppa saman med ski- og friidrettgruppa inviterte i dag bygdafolket til god gammeldags basar med utdeling av trimkrus og deltakarpremiar til så å seie alle ungane i bygda som gjennom både vinter og sommarsesong har delteke på gruppas arrangement. Desverre var det ikkje så alt for imponerande oppmøte, men dei som kom fekk i allefall støtta eit aktivt idrettslag og ikkje minst treft sambygdingane sine.
Les heile saka
Laurdag hadde G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen si avslutning av ein lang fotballsesong. Dei var samla i Bondehuset i Stangvika, etter at dei fleste av dei tidlegare hadde delteke på IL Surnadal sin BUA-cup med blandalag. I Bondehuset hadde lagledarer og trenarar rigga i stand langbord med servering av både pizza, brus, kaffe og kaker.
Les heile saka
Denne veka kom tomtearbeidet i gang i Bekkerhagan. Det er Siri Skjerve og Anders Gjeldnes som har starta sitt byggeprosjekt, og Gjeldnes Maskin har i løpet av nokre dagar opparbeidd tomta og gjort den byggeklar. – Neste veke startar vi med støyping av ringmur og plåte, og da vil det gå slag i slag framover, seier Anders Gjelnes til Todalen.no.
Les heile saka
– Vi har servert blautkake til langt over hundre og har hatt enda fleire kundar innom butikken i løpet av dagen, seier Terje Nordvik, som i dag serverte gratis kaffe og blautkake til alle som var innom butikken. Han fortel at det har vore full trøkk og stor aktivitet i butikken gjennom heile dagen – ingen tvil om at bygdefolket tok hintet, og at mange fleire enn vanleg gjorde sin helgehandel hos oss i dag.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var det ny runde med strikkekaffe i Sanitetshuset, og her held dei jammen strikkepinnane varme. På eit bord låg det ein heil haug med ferdigvarer som er klare for levering og som er produsert sia sist vi var innom. Kampanjen «Varm velkomst» rullar vidare, og det er ingen tvil om at denne gjengen […]
Les heile saka
Ansvarleg for Todalen bibliotek, Karen Johanne Talgø melder no om at biblioteket endrar dag for utlån. Etter at dametrimmen vart avslutta ser ho at det med fordel bør vere åpent når det er noko som foregår på kveldstid. Derfor blir det no høve til å låne bøker på måndagar framover, siden det da er barneleik for dei minste og litt trafikk på skuleområdet så lell.
Les heile saka
Måndag 2. november inviterer Surnadal kommune til åpe møte for alle lag og organisasjonar på kulturhuset. Dette er eit møte der kommunen orienterer om litt forskjellig og dei frammøtte kan nytte anledmninga til å ta opp det dei ønskjer å diskutere eller lurer på.
Les heile saka
Surnadal Senterparti avheld sitt årsmøte på Sagatun 19. november. Alle medlemmer er naturleg vis velkomne. Les heile saklista under.
Les heile saka
Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem i neste veke på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Dagane ho vil vera der er mandag 9. november, tirsdag 10. onsdag 11. og eventuelt fredag 13. om det er behov.
Les heile saka
Torsdag arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret i Surnadal kommune førjulsmartna. Der var det salg av flotte heimelaga produkt, kaffeservering og basarbord. Inntekta frå martna’n skal gå til å lage fint uteområde mellom Rehab og pensjonærbustadene. Det er planar om å bygge platt med utsikt mot elva, gapahuk og gangveg, og å kjøpe inn utemøblar og bålpanne. […]
Les heile saka
Laurdag er det «handle lokalt-dag» på Matkroken. Som vi tidlegare har omtalt er Matkroken deltakar i det såkalla Merkurprogrammet for sistebutikkar, og laurdag er det nasjonal kampanjedag for lokal handel i dei såkalla Merkur-butikkane. På Matkroken i Todalen blir dette markert både med infomateriell og ikkje minst kaffe og blautkake til alle som stikk innom butikken denne dagen.
Les heile saka
I kveld kjem Barneteatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Konglesugaren».. Då skal Reven og Grisen ut på nye eventyr, og enno er det god plass i storstua. Reven og Grisen er kjent for mange frå Barneteatret Vårt si forestilling Prikkesyken som var ein stor suksess. Med Konglesugeren inviterer Teatret Vårt til eit hyggeleg gjensyn på Surnadal kulturhus i ei varm og humoristisk forestilling til glede for liten og stor.
Les heile saka