Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det var sjefen vi tok….!

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. januar 2016

I april gjorde SNO uttak av ein skadejerv i nærleiken av Todalen. No har dei fått analysert alle Dna-spor som er henta inn i form av skit, hår, vev etc og da viser det seg at dei har samla prøvar frå eit vidt område for denne jerven som har følgjande identitet i SNOs ruller: JI403047, Ind 3521. På kartet kan du sjå kvar dna-spora er registrert.

Les heile saka

Full fart på isen

Elinor Bolme Tysdag 12. januar 2016

Måndag kveld var det full rulle på isen som er anlagt på Bordholmen. Den vanlege balleiken for dei minste i bygda vart av erstatta av skøyteløp og ishockeykamp. Nesten eit trettitals ungar, foreldre og besteforeldre møtte opp for ein runde på isen. Nokon for alle første gong, medan nokon var som veteranar å rekne etter dei hadde benytta isen i helga.

Les heile saka

Månadens bilete: Romjulsmorgen i Smålandsgrenda

Ole Petter Talgø Tysdag 12. januar 2016

Årets siste bilete blei årets siste vinnar av månadens bilete, og vi kan gratulere Ingri Bruset med nok ein pris. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Dette betyr at vi har funne alle kandidatene til årets bilete 2015, og vi setter i gong avstemninga allereie i morgen, onsdag!

Les heile saka

I DAG:Balleik ute og inne

Elinor Bolme Måndag 11. januar 2016

I dag arrangerers det balleik både ute og inne kl 18. På Bordholmen blir det muligheiter for å prøve seg på skøyter for den som vågar det.  For dei som ikkje ønsker å være med på dette er det som vanleg åpen gymsal der mellom 18-19. På Bordholmen er det no fin skøyteis som har vore flittig bruka av store og små i helga.


T.I.L.: Inviterer til norgesmeisterskap i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. januar 2016

13. og 14. februar inviterer Todalen idrettslag og Norges Skiforbund til NM i Randonee i Todalen. Da ventar vi heile norgeseliten til Todalen for å delta, seier rennleiar Nils Ove Bruset, som fortel at arrangementet skal gå i Dalalia ved Kårvatn. Det er lite som minner om skirenn i Dalalia i dag, men vi har god tru på at det skal bli nok snø i løpet dei komande 5 vekene, seier Bruset. Laurdag er det NM individuelt for alle klassar, medan det søndag blir randoneecup vertikal. No er program og invitasjon klar….

Les heile saka

Strikkar for å halde varmen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. januar 2016

Laurdag var det første strikkekafè i Sanitetshuset på nyåret. Sjølv om det var 15 kalde på gradstokken ute, var det godt og varmt i møterommet i Sanitetshuset, og strikkepinnane gikk jamnt og trutt attåt praten rundt borda. Sidan i fjorhaust har det våre omtanken for flyktningane som har vore drivkrafta for sanitetsdamene i Todalen. Rett […]

Les heile saka

Ny årsutlodning i saniteten

Elinor Bolme Laurdag 9. januar 2016

Todalen Sanitetsforening har dei siste 4-5 åra hatt eitt kunstverk til utloddning gjennom heile året. 2016 er intet unntak, og i år har sanitetsforeninga FÅTT dukka Tora med stor heimestrikka garderobe av Liv Jorun Bævre Moe. Dukka er i størrelse 40 cm, og Liv Jorun har strikka ei heil garderobe, samt stol og koffert til oppbevaring som medfølgjer.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for desember

Ole Petter Talgø Fredag 8. januar 2016

Då er vi klare for å finne siste vinnar av månadens bilete for 2015, og siste kandidat til årets bilete. No som jula er over og det går mot lysare tider igjen, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.

Les heile saka

Årsbeste på gradstokken i komande døgn?

Jon Olav Ørsal Fredag 8. januar 2016

I skrivande stund er det 13,9 kuldegrader ute, og det ligg nok godt tilrette for at det kan bli enda kaldare i løpet av natta. Yr.no melder 10 kuldegrader for Todalen, både i natt og utover laurdagen. Så skal det bli litt mildare utover søndagen, men det er faktisk meld kaldvêr heile den komande 10-dagersperioden. Kl 20 i kveld var det -14,7 på gradstokken oppå Storfossen, medan det i Innerdalen er -16,6 grader – og det er sikkert andre plassar det er betydeleg kaldare i distriktet vårt?

Les heile saka

500 000 i grasrotandel

Elinor Bolme Torsdag 7. januar 2016

No er tida for utbetaling av siste del av grasrotandelen frå 2015. Dei 48 registrerte mottakarane i Frivilligheitsregisteret tilhørande Surnadal kommune hentar heim 500 360 kroner til saman. Dette fordelt på 1247 ulike spelarar. I Todalen er det to mottakarar, som begge gjer det godt; Todalen Idrettslag med overkant av 26 ooo kroner, og Todalen Sanitetsforening med vel 10 000 kroner. Surnadal Idrettslag får naturleg vis mest i kommunen.

Les heile saka

Årsmøtetid

Elinor Bolme Torsdag 7. januar 2016

SURNADAL ARBEIDERPARTI avheld sitt årsmøte 27. januar kl. 18.00 på kantina ved Surnadal sjukeheim.

Les heile saka

Gullande reint!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. januar 2016

Onsdag kveld var det rundtvask på Hett og svett. Det var trimgruppa som stod for rundtvasken, – alle apparata og mattene vart vaska, likeså tak, vegger og golv. Vindua vart fint pussa. Dette var arbeid som trongst, men i løpet av kvelden vart det altså gullande reint!

Les heile saka