Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Buss i grøfta på Nordvik – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2016

Laurdag ettermiddag hamna ein buss i grøfta i Rabban på Nordvik. Bussen kom nok litt for langt utpå kanten da den møtte ein personbil, og dermed ga vegkanten etter og bussen hamna i grøfta. Det var to bussar i følge som hadde henta folk i Todalen, som var på veg til Surnadal, da den eine hamna i grøfta. Det var ingen dramatikk, men passasjerane måtte evakuerast ut gjennom takluka på bussen, og det gjekk greit uten at nokon vart skadd.

DSC_9729

Geir Magne Haugen og Lars Polden jr. frå Nordmøre Bilberging fikk bussen opp på vegen i gjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Nordmøre bilberging kom raskt til for å bege bussen opp på vegen igjen, og FV 671 var difor stenget ein halvtimes tid frå kl 18, medan bilberginga pågikk. Bussen kom nærast uskadd frå uhellet, og kjørte for eiga maskin når den fikk hjelp til å kome opp på vegen igjen. No er vegen open igjen.

Nedafor finn du ein bildeserie frå bilberginga.   Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 21. mai 2016, 17:04