Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hagedag og plante loppemarknad på Åsen

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mai 2016

Surnadal museum og Surnadal hagelag samarbeider om årets  «hagedag» på museet på Åsen laurdag 21. mai. Hagelaget held sitt årlege planteloppemarked i gardstunet – her kan du finne eit spennande utval av planter og samtidig støtte ei aktiv forening!

Museet inviterer litt seinare til boklansering, det er kildeskriftet «Jacob Chr. Tokles dagbok 1827-1838» som blir gitt ut i samarbeid mellom Nordmøre museum og Nordmøre historielag. Tokle (1779-1858) budde på Austigard i Ytre Stangvik, og skriv i sine dagboknotatar mellom anna om korleis han eksperimenterte med hagebruk og fruktdyrking i Stangvik på 1830-talet. Skildringar av kvardagslivet i Stangvik finn vi også – her er det både lokalhistorie og hagehistorie å finne!

På lanseringa vil dei som har vore involvert i arbeidet presentere interessante funn i notatane, frå kvart sitt ståsted. Jonny Lyngstad (Nordmøre historielag) har transkribert manus, Odd Williamsen (Nordmøre museum) har vore redaktør, og Katarina Wedelsbäck-Bladh (Nordmøre museum, avd. Surnadal) har oversatt og kommentert Tokles botaniske register.

Tokle var forøvrig kanskje mest kjent som kiste- og rosemålar – det finst mange kister måla av Tokle i hus og heimar! Det er første gang boka vert presentert offentleg, og det blir naturlegvis høve til å kjøpe boka denne dagen.

Tida mellom planteloppemarked og boklansering kan du nytte sjå deg rundt i museumsutstillingane, og kjøpe kaffe og  nysteikte bakels!

Her finn du plakaten!

Publisert: 19. mai 2016, 19:23