Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Gammelfabrikken og Tjønnmyra….

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mai 2016

Torsdag hadde Stavgangruppa tur til Brusetmarka, Storfossen og Tjønnmyra på programmet. Med Gammelfabrikken som base og eit 40-tals frammøtte bar det ut på trimtur. Trimturen vart lagt opp Falla, med turopplegg etter eige ønskje med tanke på lengde og varigheit.

Nokre tok turen opp på Tjønnmyra og tok det nye lysløypeanlegget til Todalen I.L. i nærare øyesyn og vidare etter skogsvegen ned mot Bjøråa og attende til Gammelfabrikken.  Som sagt var «basen» på Gammelfabrikken, der Talgø opna dørene til Utstillingssentret, slik at kaffe og niste kunne nytast innomdørs i varme og trivelege lokaler.

Ut på tur

Ut på tur – her er gjengen på tur opp Falla. Den enkelta avpassa turens lengde og omgang etter eige ønskje. Etterpå var det samling på Gammelfabrikken, der Talgø opna dørende for innandørs lunchpause i det kalde vêret. Foto: Jon Olav Ørsal

På Gammelfabrikken pågår det eit sesongskifte i disse dager – nye kolleksjonar skal inn og gamle ut. Men det var ikkje til hindring for at Stavganggruppa vart invitert inn i varmen på lunchpause og litt kvile etter trimturen.

Neste veke står busstur til Kårøyan på programmet. Her er ikkje informasjonen og oppmøtestad klare i skrivande stund, men vi legg ut info i kalenderen så snart det er klart.

Bildeglimt frå trimturen og frå lunchpausen på Gammelfabrikken.  Foto: Sigrun Ørsal og Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. mai 2016, 19:04