Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor helikoptertrafikk – har si naturlege forklaring…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mai 2016

I ettermiddag har det vore stor helipokptertrafikk i bygda. Det er nok mange som har lurt på kva som har foregått, men det har si naturlege forklaring i at det er Svorka energi som driv med visuell kontroll av straumnettet.  Kontroll av straumnettet blir gjort i faste tidsintervall, og inspeksjon med helipokter er ganske effektivt og tidsbesparande for energiverket.

Linjesjekk_Svorka_9522

Fotografen opererer gjennom opa sidedør på helikopteret. Reknar med at han har sikkerhetssele på seg 🙂 Foto: Jon Olav Ørsal

Helikopteret er bemanna med fotograf som brukar varmesøkande kamera og dette avslører lett kor det er feil på linja og dermed «lekkasje» på nettet. Det kan være skadde isolatorar eller andre feil som dermed blir avslørt. Dermed kan ein ved gjennomgang etterpå finne ut kvar det er nødvendig med reparasjon eller anna naudsynt innsats.

Publisert: 19. mai 2016, 15:19