Vêrvarselet den næraste 10-dagersperioden likar vi godt! No kjem sommartemperaturane viser vêrprognosane på yr.no, som viser fram 20-talet på enkelte av dagtemperaturane. Heile 10-dagersperioden er utan nedbør, sjølv om prognosane er mest usikre i slutten av perioden.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag er i gang med årets fellesturar for trim til lokale turmål, melder leiar Jorunn Nordvik. Dei inviterer alle som har lyst på litt trim i lag til å møte opp og bli med på tur. Dei har foreløpig sett opp terminliste fram til slutten av juni, men bebudar at det skal […]
Les heile saka
Tysdag kveld var vegen stengt for trafikk oppover bygda ved Halsabrua. Det var maskinentreprenør J. Reiten frå Halsa som jobba med å skifte ut ei gammelsteingrøft som hadde kollapsa og erstatta denne med ei PVCrør av litt grovare dimensjon.
Les heile saka
For eit og eit halvt år sia laga vi ei sak om Anna Britt og Palmer Vikan som slutta i faste jobbar og tok over drifta av Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå. No har dei vorte ”varme i trøya” og vi kom på at vi skulle invitere oss heim på ti-kaffe for å høre kor det gikk.
Les heile saka
Nils Ove Bruset har sendt oss bilder frå frå topptur til neådalssnota sist laurdag. I ein e-post til redaksjonen skriv han at det var tungt og seigt føre og følget bruka mykje lengre tid enn vanleg på turen. Om turen skriv Nils Ove: «Laurdag gjekk turen til Neådalsnota. Det er ein tur som vanlegvis tek 7-8 timar. På denne turen bruka vi ca 12 timer, for det var så seigt føre. Vi gjekk på beina forbi Dalasetra, og kunne ikkje ta på oss skiene før midt mellom Dalasetra og brua over Tveråa. Vi gjekk mellom barflekkar heilt oppi Naustådalen.
Les heile saka
Todalingane har stor interesse for å ta vare på bygdehistoria si – søndag samla Todalen historielag rundt 60 deltakarar på kulturvandringa som denne gongen foregikk på Hjellnes, der vi både fikk sjå å høre om historia for dei to gardane – Nestua og Oppistua. – Dei eldste husa som står på Hjellnes i dag er frå midten av 1800-talen, men det er dokumenter aner attover til 1645.
Les heile saka
Pål Ivar Ugedal Øyen, Buvika. Oppvokst på Solvollen med pappa Bjørgulf og mamma Solvor og to mindre søsken, Britt Iren og Jan Vidar
Les heile saka
Laurdag troppa det opp to store lastebilar frå Ottem ved Matkroken. Dei var utstyrt for vegvasking, og når vi fikk kontakt med sjaførane kunne dei fortelje at dei hadde i oppdrag frå Vegvesenet å vaske Svinviktunnelen. Presis kl 10 sette dei i gang, og spyla ut all lort og støv som har samla seg i løpet av vinteren.
Les heile saka
Ein laurdag med sol og varme har nok inspirert mange til utandørs aktivitetar i dag. Vi har hørt plenkløpparar rundt heile bygda og mange har jobba med hagearbeid og anna tidtrøyte. Attmed Sandstadkrysset hadde Maria og Edel Therese opna utebutikk på vegkanten, med salg av saft og grasløk. Salget av saft gikk bra, men med grasløken gikk det atskillig tregare! Kanskje prisen var feil?
Vi er godt i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt her.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag hamna ein buss i grøfta i Rabban på Nordvik. Bussen kom nok litt for langt utpå kanten da den møtte ein personbil, og dermed ga vegkanten etter og bussen hamna i grøfta. Det var to bussar i følge som hadde henta folk i Todalen, som var på veg til Surnadal, da den eine hamna i grøfta. Det var ingen dramatikk, men passasjerane måtte evakuerast ut gjennom takluka på bussen, og det gjekk greit uten at nokon vart skadd.
Les heile saka
På Stabburstaket i Nilsstua har det i år hekka ei grågås. Dette har vi tidlegare omtala på Todalen.no for eit par veker sia. Fredag 20. mai var nok den store dagen og 5 fine grågåsungar vart klekte. Laurdag føremiddag fikk vi bilder av at mora tok ein luftetur med ungane på stabburstaket. Og alt laurdag ettermiddag var tida komen for avreise. Jon Bjarne, Liv Ingrid og Stig satt på terrassen og såg på at dei fem ungane hoppa ned frå taket – ein etter ein…
Les heile saka