Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Springflo: Vidar var meir beskjeden enn venta

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2017

Det siste døgnet har ekstremvarsel om stor flo fått stor fokus i media. Sjølv om området med ekstremvarselet var sør for stad, så var det Obs-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag. Vannstanden har ikkje vore så høg som frykta, verken sør før Stadt eller her på Nordmøre.  Her i Todalen var den meir som ei vanleg springflo – slik som vi opplever kvar månad ved fullmåne.

Vervarsel på Yr.no for onsdag og torsdag. Etter plana skulle vi få litt føling med Vidar her også og det var sendt ut Obs-varsel for Møre og Romsdal og trøndelag. (Illustrasjon fra yr.no)

Situasjonen ville nok vore ein annan, dersom det hadde vore skikkeleg veståver og storm.  Da ville vi nok fått ein heilt anna effekt av springfloa eller stormfloa.  Høgaste vannstand hadde vi i føremiddag kl 10.49 for Kristiansund (UTC+1) og ca eit kvarter seinare her i Todalen.  På den tida tok vi ein liten rundtur for å kikke på floa, og her har vi lagt ut nokre situasjonsbilete frå den runden.

Springflo på Todalsøra Foto: Jon Olav Ørsal

Kvennsetøran med høg vannstand torsdag føremiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Bordholmen – 10-15 cm att til floa når skeisebanen. Foto: Jon Olav Ørsal

Halsahølen – her møter Toåa sjøen og saltvatnet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. januar 2017, 14:02