Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk jerven på kornet…

Jon Olav Ørsal Måndag 9. januar 2017

Søndag vart det felt ei jervtispe i Todalen. Det skjedde under åtejakt, og det var ei jervtispe på 9,3 kg fortel Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn til tk.no som skriv at jerven vart felt med eit velretta skot på rundt 45 meter.

Dermed er det berre eitt dyr att på kvoten for Møre og Romsdal og som gjeld utafor yngleområdet, der Trollheimen er med.

Vi kjenner ikkje detaljane rundt jakta, men i følgje informerte kjelder er det i Kårvatn-området at jervtispa er felt.

Publisert: 9. januar 2017, 19:11