Leigh Smith er for nokon kanskje kjent som avløysar blant dei som driv innan landbruk her i området. Leigh kom for eit par år sidan flyttande frå Rindal til Melhus på Kvanne saman med kona Nina og barna. Dei kjøpte seg hus der, og Leigh starta opp som avløysar, blant anna her i Todalen. I dag er han fast hos Håvard Halset, Olaug Kvendset og Olav Halle og tre til på Kvanne. Etter kvart har han oppretta firmaet Nordmøre Bygdeservice og tilbyr i tillegg til tjenester innan landbruk, tjenester innan bygg og anlegg- og vaktmestertjenester.
Les heile saka
I dag var to karar i aksjon på Bordholmen med spade og minigravar. Knut Bergli og Odd Harald Talgø starta torsdag med grøftgraving i forbindelse med innleggjing av breidband til klubbhuset på Bordholmen. Allereie i dag var dei komne så langt at dei held på å grave att igjen. Todalen Idrettslag har etter ønske frå blant anna redaksjonen i todalen.no no oppgradert fasilitetande med gratis nett slik at blant anna redaksjonelle saker under Todalsdagen kan gjerast både raskare og betre.
Les heile saka
Då er vi endelig klare for å annonsere vinnaren for månadens bilete i april, og det blei Anne Hjørdis Caspersen Telstad som vinnar av månadens bilete med «Vårkveld», med 47 av dei 180 stemmane som kom inn. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Grunna den forsenka annonseringa av vinnaren, kjem vi tilbake med ny avstemning for månadens bilete for mai allereie i morgon.
Les heile saka
Stavganggreuppa held koken, og denne torsdagen var det Roparen som var målet. Med start og målgang ved alpinsentret bar det etter skogsvegen utover mot Roparen, som ligg oppå hammaren ovafor Surnadalsøra.
Les heile saka
Søndag 5.juni arrangerer trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa familietur. Det er oppmøte og parkering på Bruset og turen startar kl. 15.00.
Les heile saka
Onsdag var det turen til kommunikasjonsavdelinga i NINA for å besøkte Todalen. Det var kommunikasjonssjef Bjørg Bruset, som sjølv er todaling, som hadde teke med seg alle som jobbar med kommunikasjon og forskningsformidling på NINA på todalstur – for å gjera seg kjent og hente litt inspirasjon.
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte trimgruppa til ny fellestur. Denne gongen var målet Bleikhammarholet, og det var tydelegvis eit populært turmål, heile 35 personar var med på turen!
Les heile saka
Også i år arrangerer trusopplæringa i Surnadal innhaldsrike leirar på Gråhaugen og Vaulen for barn og unge frå 1. klasse til og med 1. året på videregåande.
Les heile saka
Fra iTrollheimen har vi fått ein epost om nye arrangement under årets Småtrulluke i Rindal.
Les heile saka
Tysdag var kommunestyret i Surnadal kommune rundt på bli kjent-tur. Denne gongen gikk turen til Todalen, Kvanne og Stangvika. Første stopp på turen var på Nordvik, der Ola Magne Nordvik orienterte om det nye bustad- og hyttefeltet på Øygarden. Vidare gikk turen til Todalen, med kommunalsjef Karin Halle som guide og kjentmann…
Les heile saka
Onsdag 1. juni blir det kveldstur oppi Bleikhammarholet i regi av trimgruppa i TIL. Det er oppmøte ved Sanitetshuset, og turen startar kl. 18.30. «Dette er ein familievennleg tur,» seier leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik. Gudmund K. Kvendset blir med som kjentmann. Viss ein vil gå inn i hola, må ein ta med seg lykt. […]
Les heile saka
Det var nok mange som lurte på kva ferja «Åfjord» dreiv med på Todalsfjorden måndag. Ferje var på «vårcruise» med politikarar, næringslivfolk og byråkratar for å informere om Todalsfjordprosjektet i ein slags minikonferanse på bølgan blå. Det var Karin Halle og Per Helge Malvik som var vertskap i regi av SuSu-programmet som er samarbeidsorgan for næringsutvikling og som arbeider for eit felles mål å få til ein døgopen region på Nordmøre.
Les heile saka