Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byggeboom for nye fjøs i år – frisk satsing!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. oktober 2016

Det siste året har vi nærast hatt ein følgjetong om nyinvesteringar både i nye fjøs og bustadbygg. Denne gongen er det fjøsbygging på Halset som er tema – Håvard Halset investerer 2-3 millionar i utviding av fjøset for å få meir plass og lettvintare fjøsstell.

Les heile saka

Ny årstid på gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. oktober 2016

Fredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.

Les heile saka

STØV erklært åpna på torsdag

Elinor Bolme Laurdag 1. oktober 2016

Torsdag var det høgtidleg åpning av Toril Redalen si kunstutstilling STØV i Oslo. Toril har sendt oss nokre bilder frå åpningsdagen. Hovedbildet viser samtidsforfatteren Ole Robert Sunde som les frå teksta si «Støvets Applaus» framfor verket Arbeid 4. Der skimtar vi blant anna verkstadsbenken til Narve Talgø.

Les heile saka

I helga hos saniteten: Strikkekaffe og basar

Elinor Bolme Laurdag 1. oktober 2016

I dag er det strikkekaffe i Sanitetshuset mellom klokka 13 og 16. Her blir det rå å få seg kaffe og litt godt å bite i godt selskap med eller utan strikketøy. Har du lyst til å strikke til eit prosjekt har foreninga mykje garn på lager som ein kan få å strikke av.

Les heile saka

Stavgangtur til Leikaren

Jon Olav Ørsal Fredag 30. september 2016

21 personar deltok på stavgangturen sist torsdag. Det var start på Mogstad, og kjentmann og turleiar på turen opp til Leikaren var petter Mogstad som nok er godt kjent i desse traktene.

Les heile saka

Streik i Svorka

Elinor Bolme Fredag 30. september 2016

Svorka melder no på si heimeside at 18 ansatte er i streik fra 30. september grunna uenighet mellom KS Bedrift Energi og arbeidstakerorganisasjonene i Energiavtale I.

Partene i Energiavtale I har fortsatt ikkje kommet til enigheit i tariffoppgjøret i energisektoren. 16 energiselskap har vore i streik fra 23. september, og det vart varsla om ytterlegare opptrapping frå 30. september.

Les heile saka

AVLYST: Sildball og korsong

Elinor Bolme Fredag 30. september 2016

Sangkoret Tormod melder om at planlagt arrangement på Sagatun i morgon 1. oktober dessverre er avlyst grunna dødsfall.


Fårikålens dag i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. september 2016

Fårikålens dag har lang tradisjon i Sanitetshuset – tidlegare var det eldremiddagen som hadde regien, men no er det Beredskapsgruppa i Todalenen sanitetsforening som står attafor.  Men tiltaket er nok minst like populært for det – dagens store fårikålgrute drog iallfall eit 30-tals fårikålelskarar til fårikålbordet. Det var Jorun Ørsal, Karen Johanne Talgø og Synnøve […]

Les heile saka

Jakt i Romådalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. september 2016

I Romådalen er det lange tradisjonar for hjortjakt – Johan Halle skaut den første hjorten her straks før andre verdskrig – 10. september 1933 skedde det, fortel jaktdagboka til H&H som har Sverre Grønmyr som kjelde. Organisert jakt vart det først i 1954 iflg. den same jaktdagboka. Halle & Husby jaktlag driv no både hjortjakt og elgjakt i Romådalen, og hittil i år er fangsten vorte 3 elgar og 4 hjortar. Kristen Halle, som er jaktsjef på Halle & Husby jaktlag, har sendt oss nokre bilder frå jakta i år .

Les heile saka


Toril klar med ny, spennende utstilling: STØV

Elinor Bolme Tysdag 27. september 2016

Torsdag 29.september kl.18.00 åpner Toril Redalen utstillingen «STØV» på RAM galleri i Kongens gate i Oslo. Hun er nå i full gang med rigging til åpning torsdag, og får god hjelp av kunstnerkollega Tove Lise Røkke Olsen som hun deler verksted sammen med i Trondheim. I utstilingen STØV har Toril arbeidet med støvet som kunstnerisk materiale, og behandlet støv eller leire som noe helt fundamentalt i menneskelivet, som grunnen vi trør, bor på, og dyrker i, støvet som grunnlag for stedets sammensetning, ressurser og identitet.

Les heile saka

På avslutningstur i Petlia

Elinor Bolme Tysdag 27. september 2016

Mandag kveld sette dei unge fotballspelarane på Todalen sitt knøttelag eit punktum for ein innhaldsrik fotballsesong. Ungane med foreldre og søsken avslutta med ein hyggeleg tur på Ja-benken ovanfor Flathaugen. Gjengen møttes i Jostua og tok turen om Husby Vasslag sitt pumpehus, før turen gjekk vidare om den no merka stien gjennom Petlia, som endar på eit fint utkikspunkt over bygda kalla Ja-benken.

Les heile saka