Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I helga hos saniteten: Strikkekaffe og basar

Elinor Bolme Laurdag 1. oktober 2016

I dag er det strikkekaffe i Sanitetshuset mellom klokka 13 og 16. Her blir det rå å få seg kaffe og litt godt å bite i godt selskap med eller utan strikketøy. Har du lyst til å strikke til eit prosjekt har foreninga mykje garn på lager som ein kan få å strikke av.

Basar i morgon søndag kl 14

Todalen sanitetsforening er arrangør, og dei inviterer til årets basar i sanitetshuset i morgon frå klokka 14- 17.30. Her blir det gratis servering av kaffe og kaker, medan det blir rå å støtte foreninga på eit fyldigt basarbord. Det blir også eige barnebord for dei opp til 12 år, samt eit dagens bord, der vinnarsjansane er for dei som kjem til sanitetshuset i morgon.

Trekning presis klokka 17.

Publisert: 1. oktober 2016, 09:44