Tredje juledag var det triveleg todalstreff på sjukeheimen i Surnadal, eit heilt nytt arrangement. Initiativtakar og primus motor var Terje Nordvik. Han fekk ideen eit par veker før jul da Sanitetsforeninga tinga blomster som skulle vere julehelsing til todalingar som er 80 år eller eldre.
Les heile saka
Dagens romjulsmarsj gav inga rekorddeltaking, men ca 120 personar tok turen rundt bygda i det tradisjonelle arrangementet i regi av Todalen Idrettslag. Vêret var litt ruskete, med både snø og haggel i mellom vindkulene. Men alle vi møtte på vår veg var positive og blide og tykte det var godt å få litt friskluft og mosjon mellom bordsettingane.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Fjord1 melder om normal drift i sambandet kl 8.36 tysdag morgon.
Les heile saka
Andre juledag var det mer enn alminneleg hektisk i Todalen ungdomshus. Heile revygjengen var på plass, og spenninga var til å ta og føle på når deltakarane skulle opp på scena for å kjøre gjennom programmet – gong etter gong, heilt til tekstane var «banka inn» og satt som dei skulle. Men eg trur faktisk at dei hadde full kontroll og resultatet av all skriving, og øving, får vi sjå 3. juledag – første forestilling kl 15 og hovudforestillinga kl 20. – Det er enno billettar att, og har du ikkje sikra deg billett, så er det å ta kuten til Matkroken, som har ope frå 16.00 – 18.00 i dag!
Les heile saka
3. juledag er den tradisjonelle romjulsmarsjen i regi av Todalen IL. Dei inviterer alle til å ta ein tur rundt bygda, treffe kjentfolk og ikkje minst kanskje få ein dose friskluft i mellom etargilda. I fjor deltok rundt 180 personar, og var eit av åra med rekorddeltaking.
Les heile saka
Etter fleire brannar ved nyårsskiftet i fjor, går no brann og politi i Møre og Romsdal ut med ei felles påminning om forbodet som gjeld bruk av naudbluss på nyttårsaftan.
Langs kysten har det vore tradisjon for at det blir sendt opp naudbluss denne spesielle kvelden, men det er ulovleg.
Les heile saka
Mange held på gamle mattradisjonar i samband med julefeiringa. Johan Ørsal (77) er ein av dem, og menyen på julaftan trur eg ikkje det er verdt å prøve å forandre i hans tid. Midt på dagen – eller rettare sagt kl 12 er det servering av mølje – når det lir til kvelds så er det saltkjøtt av sau og heimlaga grov morr som står på menyen, og det blir servert med kålrabistappe, potet og heimbrygga øl.
Les heile saka
Det blir, naturleg nok, nokre avvik frå normalen for biblioteket og kinoen i og rundt høgtida, fortel Steinar Hasselø ved Surnadal bibliotek. Biblioteket er stengt 24.–26. desember og 31.desember–1. januar. På dei fire kvardagane i romjula (27.–30. des.) er biblioteket ope i tida kl. 11–14.
Les heile saka
I skrivande stund er det enno nokre timar til vi får høre klokkeklangen frå tårnet i Todalen kyrkje. Da er det liksom at julefreden senkar seg etter ei travel førjulstid, der mykje skal ordnast før julehelga. Vi i redaksjonen vil også prøve å ta litt fri, men samtidig vil vi også være «litt på» og få med oss det som skjer i lokalmiljøet.
Les heile saka
Har du lyst på ein runde med julequiz, så skjer det på Pakkhuset kro på Todalsøra 2. juledag, fortel Synnøve Helland. I romjula er Pakkhuset kro ope 2. juledag (26.12) frå kl 20.00 og utover. Pakkhuset Kro held også ope 6. juledag (30.12.) frå kl 21.00 og utover. Kom og treff gamle venner!
På seinhausten har det vore stor aktivitet på Tjønnmyra igjen – no er det bygging av gapahuk som har stått på programmet. Grunnarbeidet vart gjort unna før tæla kom, medan resten av arbeidet har pågått no fram til jul. Det har egentleg vore eit kappløp med vêret, føret og tida. Det er Gunnar Nordvik som har vore hovudentreprenør, og han og Lars Kvendset har gjort det meste av arbeidet – med god hjelp av dugnadsinnsats.
Les heile saka
I løpet av ettermiddagen blir vegen opp Falla opna for fri ferdsel i gjen. Dalavegen har vore stengt sia forrige måndag, da eit ras sette ein stoppar for trafikken opp Falla. Det var store nedbørsmengder som var årsaka til raset, og det tok fleire dagar før ein kunne starte arbeidet med reparasjon av vegen. Dei siste dagane er det gjort grunnboringar i området, samtidig som reparasjon og utskifting av masse har pågått
Les heile saka