Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kraftkar på lestå – del fem 

Guro Redalen Sundag 16. april 2017

Dette har hendt: Det ostar seg til i bygda kjent for Vangsgutane og vassenger. Nei, ikkje Vassenggutane. Kraftkaren Bakken vil så gjerne gå tur med den edle frua på Vangen før det blir sparkføre igjen, og Handelsmann Nordvik saman med frk. Bladfyk prøvar å gjere sit beste for at dette skal skje. Alt i ein eim av bakels og noko som verkar ”vellagra”. 

Todalen kyrkje, bygd i 1861. Eige sokn sidan 1876. No var fleire av soknerådet på veg inn porten. Det var utegudstjeneste på Haugligardane 2. påskedag, og fleire ting måtte ordnast. Særleg sidan både Bernt Prest og Bernt Organist hadde slutta hausten før var det knytt litt ekstra spenning til arrangementet. Dei var òg uroa over at eit søk på bakels på todalen.no ga 219 treff, medan soknerådet ga 71 treff på nettstaden. ”og berre eitt treff på Sterk-Ola” tenkte Soknerådssekretær Gjeldnes. 

Fjesbokvarslar Moe var ute på sykkeltur og stoppa opp for å ta bilete av Hønhashjn i det Mann med skjegg jogga forbi. ”Ikkje åv enda nei” skreiv Moe før han posta biletet på fjesboka, og sykla vidare. 

Utover Stranda var utsikten betre enn på lenge. Dugnadsprosjektet Krafttak for kratt hadde rydda kulturlandskapet slik at det no ikkje berre var ”fjordgløtt”. Men hjelp av motorsag, ”kvistdragargjengen” og store bakelsfat hadde det blitt reine panoramautsynet til der fjorden går mot fjella inn. 

Bladfyk fekk ikkje med så mykje av fjorden der Støvbrettet flaug utover vegen for å hente aviser til Halsbua. Handelsmann Nordvik hadde stødig grep om rattet og la ut om plakatskrivingens kunst i det dei passerte Nordvik. Bladfyk prøvde å smette inn eit ord om Vangsgutheftet, men kom ikkje til orde. 

Destinasjonen var nådd, og Handelsmann Nordvik hoppa ut av bilen. Og vart vekke. Bladfyk vart sittande igjen i bilen og vente. Og vente. Nei, ikkje noko teikn til avisene eller handelsmannen. Skulle ho gå ut for å sjekke om alt var i orden? Kva om det hadde hendt noko med han? Frk. Bladfyk såg ein siste gong i bakspeilet før ho gjekk ut. 

”Hallo? Handelsmann Nordvik?” Bladfyk gjekk mot skuret der aviskassa sto. Ikkje ein lyd. ”Ta va merkele …” Ho gjekk inn i skuret. Nei. Ikkje noko teikn til liv. Berre den raude aviskassen sto der. Bladfyk gjekk mot den. Ho bøygde seg ned og opna lokket. ”Men kva var det? Var det ikkje …” Bladfyk lente seg enda lengre ned for å sjå kva som låg i botnen av kassa. Så vart alt svart. Og stille. 

Oi oi oi … Dette ser ikkje bra ut for påskekrimløysaren 2015 og 2016! Men sikre kjelder kan melde om at ho no har løyst dette mysteriet òg. Veit du det og, så send oss ein epost på red@todalen.no på kven du trur har har teke påskehefta med Vangsgutane. Premiering så klart!

Alternativa er: 

a) Soknerådssekretær Gjeldnes 

b) Handelsmann Nordvik 

c) Ansvarleg Baneleiar Sandstad

d) Fjesbokvarslar Moe 

e) Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 

f) Nokon frå Brusetslekta med høg huvføring 

g) Birøktar Andersstu 

h) Overredaktør Ørsal 

i) Frk. Bladfyk 

j) Ingen av delane. Det er nemleg … (eige alternativ)

Høyr del 5 her:

Først publisert: 16. april 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 12. april 2017, 07:49