Fredag ettermiddag inviterer Ola G Kvendset til kuslepp i Viastua klokka 16.30. Da opnar kyrne sommarsesongen med utebeite ved fjøshusa.
Etterpå blir det kaffelag og muligheit til å vere med å sjå på fjøsstellet fortel Ola.

Fredag ettermiddag inviterer Ola G Kvendset til kuslepp i Viastua klokka 16.30. Da opnar kyrne sommarsesongen med utebeite ved fjøshusa.
Etterpå blir det kaffelag og muligheit til å vere med å sjå på fjøsstellet fortel Ola.
I helga har det vore arrangert representantskapsmøte og tillitsvalgtsamling i Det Norske Hageselskapetpå Gardermoen. Her vart Dordi Anne Hyldbakk – fra Molde og Omegn Hagelag (og Todalen) einstemmig valgt til å leie hageselskapet dei neste 2 åra.
Les heile sakaSvinvik Arboret minner om dugnaden i Svinvika onsdag 10. mai kl 18. Etter ei god arbeidsøkt ute blir det noko å bite i og sosialt samvær inne i kafeen for alle arbeidsfolk. Ta med egna redskap. Alle er velkomne!
Ein heil gjeng var i full aktivitet med rundtvaskdugnad i Sanitetshuset. Når våren kjem er det godt å få ut siste rest av støv og lort frå vinteren, og få ei god grønsåpelukt i staden, og vi har tradisjon for å ta eit skippertak før konfirmasjonen, seier maren Ansnes som er leiar i Todalen Sanitetsforening.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening er pådrivar for å arrangere trimturar kvar veke. I beste folkehelseånd motiverer dei folk til å røre på skrotten litt og prøver å variere målet for turane litt, slik at det skal bli variasjon og for at folk skal gjera seg kjente på heimlege trakter. Måndag gikk turen hadde turen start frå Bruset og gikk langs elva oppover til Fosstrøinn, Hafallmelen og til Nernesset, med Jon bruset som guide og kjentmann.
Les heile sakaFrå denne veka og ut skuleåret blir opningdag for biblioteket endra til torsdagar frå kl 18-20. Torsdag 25. mai er biblioteket stengt på Kristi himmelfartsdag, melder bibliotekaren.
Søndag 7. mai inviterte Oddvar Mikkelsen med familie til saueslepp i Gammelstua. Det var ikkje berre sauene som fekk sleppe ut av fjøset etter ein lang vinter, men også geitene. Mykje folk – både små og store – hadde møtt opp, og det var både livleg og trivlege i tunet i Gammelstuå.
Les heile sakaMåndag 8.mai er det på nytt Kløvertur. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00 som vanleg.
Denne gongen blir det tur langs Toåa frå Bruset og innover til Fosstøin. Vidare er det plana å gå inn til Hafallmelen og så ned til ein fin gapahuk nedst på Brusetnesset
Les heile sakaTodalen IL har no bestemt at idrettslaget endelig skal få nye klubbjakker. Disse var i første omgang tenkt kun for knøttelaget, men etter ei vurdering blir det no opna opp for bestilling for alle ihuga todalspatriotar. Jakken er svart og kvit som på bildet, av merket Hummel, og kan bestillast i alle størrelsar frå 116 […]
Les heile sakaÅr etter år stiller dei opp for at vi skal få korpsmusikk til 17. mai-toget i Todalen. Vi snakkar om veteranar frå Stangvik skulekorp, som vart lagt ned for nokre år sia. No stiller dei opp og revitaliserer korpset som er forsterka med folk frå andre korps som også har lyst til å friske oppatt korpsmusikken litt.
Les heile sakaFredag kveld melder Stikk UT!-kontakt Norunn Holten at Svinvikrunden er open for vanleg ferdsel igjen. Det var synfaring i berget ovanfor stien fredag ettermiddag.
Les heile sakaTorsdag 4. mai var Todalen skule på Vorpnesset og ryddet stranda for søppel. Halve skulen sykla til enden av vegen og møtte der dei som hadde fått sitte på bil utover, så gjekk vi alle resten av vegen.
Les heile saka