Da er også programmet for feiringa av nasjonaldagen på Nordvik klart. Programmet startar med tradisjonelt folketog frå Oppistua og innover til forsamlingshuset. Vidare blir det tale for dagen og servering av sodd og anna mat før arrangementet fortsett med leikar på Øygarden stadion.
Les heile saka
Programmet klart for nasjonaldagen
No er programmet klart for feiring av nasjonaldagen i Todalen. Feiringa er basert på tradisjonelle element, og startar kl 10.00 med biltog, og fortsett med frukostservering på Bordholmen rett etterpå ca kl 11. Etter ein kort pause er det på’n igjen, med gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14.30, og folketog frå kyrkja og til skulen, der det blir servering av sodd, litt program og tale for dagen.
Les heile saka
Jakkeprøving utsett
Tidlegare annonsert prøving av Todalen IL sine klubbjakkar er dessverre utsett ei veke da forsendelsen frå Danmark er forsinka.

Sendte 4600 «nye todalingar» ut på livet..
Torsdag fikk vi være med gjengen på Rossåa settefisk på utsetting av smolt i Toåa. Føler egentlig at vi har fått være med på heile livssyklusen til smolten som vart «sendt ut på livet» i dag, for vi har vært med både på stamlaksfiske, gentesting, stryking, merking av smolt og ikkje minst kontroll gjenfangst av merka laks. Veldig artig og lærerikt, tykkjer vi. Men i går var det altså smoltutsetting som stod på programmet.
Les heile saka
Historielag med tur til Storlidalen
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.
Les heile saka
Svinviks Arboret: Finpussar til sesongstarten i helga…
I helga opnar Svinviks Arboret porten for ein ny sommarseong. Den siste månaden har dei tilsette jobba for å få i stand alt til opninga, og onsdag kveld var det dugnad saman med hagelaget for å få unna den siste finpussen.
Les heile saka
Telia oppgraderer til 4G
Denne veka skal Oslofirmaet OneCo fullføre oppgraderinga av basestasjonen i Todalen. Basen ligg på Halset, og i disse dager blir altså alt utstyret skifta ut med nytt, slik at det blir ein topp moderne basestasjon som skal forsyne Telias kunder med telefon og datasignal som oppfyller dagens krav.
Les heile saka
Surnadal jeger & fisk tek over andeløpet
Det såg lenge ut til at fjorårets andeløp i regi av av Laksefestivalen vart det siste. Lotteritilsynet nekta nemleg å godkjenne Norsk Laksefestival som lotteriarrangør, da dei ikkje driv heilårsverksemd. På ein pressekonferanse i går vart det imidlertid klart at det populære andeløpet vil fortsette, men at Surnadal Jeger- og Fiskeforening tek over – og vidarefører arrangementet, fortel Ragnar Halle i SJFF.
Les heile saka
Månadens bilete: Påskemorgen på Tydalsnebba
Då er vi endelig klare for å annonsere vinnaren for månadens bilete i april, og det blei Tove T. Brøndbo som vinnar av månadens bilete med «Påskemorgen på Tydalsnebba», med 60 av dei 160 stemmane som kom inn. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Grågåsa på stabburstaket kom att
I fjor var det eit grågåspar som hekka på stabburstaket i Nilsstua på Husby. For nokre dagar sia var dei på plass igjen og etablerte reir og rugeplass. Det er nok truleg det same paret som var der i fjor, og dei hadde da ei vellukka hekking og klekte 5 flotte gåsunger til verda.
Les heile saka
Ola inviterer til kuslepp
Fredag ettermiddag inviterer Ola G Kvendset til kuslepp i Viastua klokka 16.30. Da opnar kyrne sommarsesongen med utebeite ved fjøshusa.
Etterpå blir det kaffelag og muligheit til å vere med å sjå på fjøsstellet fortel Ola.

Ny «lokal» leiar i Det Norske Hagelag
I helga har det vore arrangert representantskapsmøte og tillitsvalgtsamling i Det Norske Hageselskapetpå Gardermoen. Her vart Dordi Anne Hyldbakk – fra Molde og Omegn Hagelag (og Todalen) einstemmig valgt til å leie hageselskapet dei neste 2 åra.
Les heile saka