Den siste delen av feiringa av grunnlovsdagen starta på ettermiddagen med gudsteneste i Todalen kyrkje, og folketog til skulen, der det var både matservering, allsong, tale for dagen og leikar for borna.
Les heile saka
Den siste delen av feiringa av grunnlovsdagen starta på ettermiddagen med gudsteneste i Todalen kyrkje, og folketog til skulen, der det var både matservering, allsong, tale for dagen og leikar for borna.
Les heile sakaEtter at biltaogen var ferdig var det samling på bordholmen til felles friluftsfrukost. Fotballgruppa i Todalen I.L. har i feire år servert frukost på Bordholmen, og det er både sosialt og triveleg å samlast på føremiddagen og Knut Bergli i TILs fotballgruppe fortalte at det var knappe 150 som nytta høvet til å ta frukosten på Bordholmen denne dagen.
Les heile sakaBiltoget i Todalen har tradisjonar heilt attende til 60-talet, da bilsalet vart frigitt etter 2. verdskrig. I dag fikk vi iallfall sjå at det finns ein flott og moderne bilpark i bygda, da både bygdefolk og tilreisane – rundt 50 i talet – kjørte i prosesjon frå Matkroken på Kvennset og oppover til gammelfabrikken i Brusetmarka – og nedover bygda igjen og til Bordholmen der det var samling til felles frukost.
Les heile sakaFotballgruppa i Todalen Il er ansvarleg for dagens 17. mai frukost. Dei melder no om at det blir servering på Bordholmen etter biltoget. Dei siste åra har det vore i Ungdomshuset, men i år ser det ut til at veret spelar på lag, slik at det blir uteservering på Bordholmen.
Les heile sakaLørdag 20.mai kl 16.00 og søndag 21.mai kl 14.00, avvikles kulturskolens store danseforestilling. – Da samles alle danseelevene fra Halsa, Rindal og Surnadal i en felles oppsetning i Storstua på Skei. Kulturskolen inviterer dere alle til å komme å se og oppleve den spennende fargereisen, FARGERIKET.
Les heile sakaLaurdag 20. mai inviterer Indre Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved Krigsminnesamlinga like ved bygdemuseet på Åsen, – der det er ope frå kl 12 – 16.
Les heile sakaKløverturen denne veka starta i Husbygarden for å følgje den gamle ferdselsåra frå Husby og Hala og innover til Ramsøya. Turen gjekk oppover til Flathaugen der det har vore stor hogst i vinter, så no er landskapet ope og fint
Les heile sakaDen første fotballkampen i år blir torsdag 18. mai, når Sunndal og Surnadal treffes på Bordholmen. da gjelder det å ha anlegget klart, og måndag var banekomiteen i full gang med førsteslåtten og merking på banen. Det er no over eit halvår sia banen har vore i bruk, så det meste av merkinga frå i […]
Les heile sakaDenne veka kjem surnadal pensjonistlags stavganggruppe til Todalen på tur. Torsdag kl 11 er det Gammelfabrikken som er oppmøteplass og samlingspunkt, og dermed utgangspunkt for turar i nærområdet. Eit av dei mest aktuelle turmåla er nok Tjønnmyra, der den nye gapahuken er den største atraksjone. Etterpå blir det ein lang kaffepause i parkanlegget ved Gammelfabrikken – eller innomhus dersom vêrgudane ikkje samarbeider.
Årets store loppemarked i regi av Surnadal Røde Kors Omsorg arrangeres 20. mai (kl 11-16), i Røde Kors-huset på Bøvra. Her blir det i tillegg loddsalg, telt med kaffesalg og god, gammeldags «loppis-stemning», lover leder i Røde Kors Omsorg, Elin Bøklepp Kvande.
Les heile sakaDenne helga har det pågått oppgradering av Telias basestasjon i Todalen. Som vi har skrive om tidlegare så er batterikapasiteten auka med tanke på straumbrot – no er kravet frå myndighetene at sentralen skal kunne levere tenester minst i 4 timar. I den nye basestasjonen er no batterikapasiteten mangdobla.
Les heile sakaI dag har det vore humanistisk konfirmasjon i Surnadal kulturhus. 12 ungdomar frå Indre Nordmøre valgte i år humanistisk konfirmasjon, og saman med familie og venner var dei samla i kulturhuset til ein flott seremoni, der Jenny Klinge heldt tale for dagen
Les heile saka